Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Rett av regjeringa

Regjeringa går ikkje inn for å redusere forbruket og dermed produksjonen av kjøt i Norge, i sin nye klimaplan. Det er godt nytt for næringa, men det betyr ikkje at landbruket går fri for ansvar.

Næringa har jobba systematisk for å kutte utslepp og binde karbon, etter klimaavtalen vart signert i 2019. Dette arbeidet må landbruket prioritere vidare, det er alltid ting som kan bli betre.

Det har skjedd mykje positivt i forhold til klimatilpassingar i landbruket dei siste åra, blant anna betre gjødselhandtering, fôr- og avlsutvikling og energibruk på garden.

No gjeld det å dokumentere effekten på ein best mogleg måte også. Det er her klimakalkulatoren kjem inn. Skal han brukast og virke etter hensikta, må ein prøve og feile, heilt fram til eit optimalt produkt: Ein kalkulator som bonden har nytte av.

Annonse

Norge kan ikkje redde kloden åleine. Klimautsleppa er eit globalt ansvar. Kjøtkutt som klimatiltak ville gjort tusenvis av bønder overflødige. Det ville ført til kutt i arbeidsplassar og viktige verksemder i Norge. Vi må følgje opp og innfri våre forpliktingar, men det må ikkje ende opp med meir matimport og mindre mattryggleik. Det er ikkje god klimapolitikk.

Skogen har ei heilt sentral rolle for å løyse klimaproblema våre. Skog i vekst bidreg med eit høgt CO₂-opptak. Regjeringa legg fram ulike tiltak som kan bidra til å auke CO₂-opptaket i skog, og som tek vare på karbonlagera i skog og andre grøne areal. Dette er viktig for å nå klimamåla for 2030, og for å nå våre langsiktige klimamål.

Neste artikkel

Godt grunnlag for ein snuoperasjon