Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Priseksplosjon skaper bekymring

Bondebladet skreiv nyleg om mjølkebonde Karl Petter Trondmo i Mosjøen. Han bygde nytt lausdriftsfjøs i 2012, med 52 båsplassar. Eit lite båsfjøs blei ombygd til ungdyrfjøs, og i tillegg sat han opp tilbygg for både mjølke- og kjøtproduksjon. Trondmo er veldig glad for at han ikkje skal gjere det same no, på grunn av kostnadsutviklinga på byggjesida.

Det siste året har det vore ei sterk prisutvikling på trelast. Pandemien og den globale situasjonen har skapt ein ubalanse i tilbod og etterspørsel. Prisane på byggjevarer har derfor stege raskare enn normalt. Det gjeld også for trelast, som historisk har vore ei stabilt rimeleg vare, samanlikna med andre byggjevarer.

Stålprisane har også stege kraftig det siste året. Her spelar Kina ei nøkkelrolle. Landet er verdas største produsent av stål og produserer meir enn resten av verda samla. Samtidig er Kina for fyrste gang i historia også nettoimportør av stål. Kina har enorme infrastruktur- og bygginvesteringar, kor stål og jern er elementære råvarer. Dette, kombinert med ein handelskrig med Australia, som er blant Kinas viktigaste eksportør av jernmalm for å kunne produsere stål, avgrensar det mengda stål Kina kan produsere, forklarer Prognosesenteret.

I tillegg har containerprisane frå Kina økt betydeleg sidan nyttår. Det gjer kinesiske varer mindre konkurransedyktige i den europeiske marknaden.

Annonse

Dei auka kostnadane gjer det svært vanskeleg å investere i nytt fjøs for alle dei som har planar om dette. Økonomisk rådgjevar i Tine, Jonne Gaute Fjukstad, ser mørke skyer for 30-kyrsbruka i Agder. Dette gjeld nok ikkje berre for Agder. Mange bønder er i ein svært krevjande situasjon på grunn av den sterke kostnadsveksten generelt.

Mange unge har ein draum om å overta foreldregarden, men mjølkebønder med båsfjøs må investere i nytt fjøs eller ombygging på grunn av lausdriftskravet. Dårleg lønsemd i produksjonen passar dårleg saman med auka byggjekostnader. Mange kan ikkje forsvare å byggje nytt fjøs, med dei investeringane det krev. Meir støtte frå Innovasjon Norge kan gjere valet enklare for alle dei som må ta dette valet

Neste artikkel

Tilleggsforhandlingene i jordbruksoppgjøret har startet opp igjen