Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Pengepotten må styrkast

Det er tydeleg at mange bønder av økonomiske årsaker blir tvungne til å leggje ned gardsbruket, fordi staten pålegg krav om lausdriftsfjøs, konkluderte Ingrid Melstveit Larsson og Maria Natalie Jensen i si masteroppgåve ved Norges Handelshøyskole (NHH).

Dei to har studert mjølkebruk i Vestland, men det er ikkje berre dette fylket som har små gardsbruk. Utviklinga har gått fort mot færre og større gardar, og det held fram. Truleg vil det akselerere fram mot 2034. Skal ein byggje nytt fjøs, eller byggje om det gamle båsfjøset, må dei fleste auke både besetning og volum for å få reknestykket til å gå opp.

I jordbruksforhandlingane i 2018 blei det semje om at mjølkebruk med 15–30 kyr, skulle prioriterast hos Innovasjon Norge, men det følgde ikkje med ekstra pengar for å sikre dette punktet.

Investering og bedriftsutvikling i jordbruket (IBU-midlar) er ein del av jordbruksavtalen. Midla blir delte ut fylkesvis. IBU-potten på 450 millionar kroner var tom allereie i sommar, i alle fylke, minus Troms og Finnmark. Derfor er det fleire søkarar som har fått nei til støtte i år, og det blir nok hard kamp om midla i 2021 også.

Annonse

Regjeringa kunne ha gjort noko med dette i forslag til statsbudsjett for 2021, men dessverre. Ekstra investeringsstøtte i 2021 kunne vore ein viktig stimulans til både jordbruket og byggjenæringa.

Kravet om lausdrift er knytt til dyrevelferd. 60 prosent av mjølkeprodusentane her i landet driv framleis i båsfjøs, men tida går fort mot 2034 og kravet om lausdrift.

Styresmaktene bør ta på seg ein større del av kostnadane, knytt til kravet om lausdrift. Dette er viktig for å nå målet om lausdrift i nybygg og eksisterande bygg, både for mjølkekyr og ammekyr. Det kan òg vere avgjerande for eit aktivt distriktslandbruk etter 2034.

Neste artikkel

Venter at hver tredje melkeprodusent vil forsvinne