Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Overproduksjon pressar økonomien

Omsetningsrådet godkjente sist veke søknaden frå Nortura om å kjøpe ut delar av svineproduksjonen. Årsaka er den store overproduksjonen av svinekjøt i Norge.

Utkjøpsordninga er frivillig, og ein håper å ta ut 6–7 prosent av svineproduksjonen, tilsvarande 4 000 avls­purker, gjennom ordninga. Det er næringa som skal betale dette, gjennom omsetningsavgifta på svinekjøt.

Det er bra at ordninga kjem på plass. Produktiviteten i næringa har auka veldig dei siste åra. Når forbruket ikkje aukar, blir resultatet som no – store lager med svinekjøt. Det gir dårlegare økonomi for svinebonden, og det ser vi også i dei siste driftsgranskingane for landbruket.

Bønder med sau og svin/korn hadde størst inntektsfall i 2017, og det er i desse produksjonane vi har store kjøtlager også. For sauebønder var nedgangen på 51 800 kroner eller 28 prosent, noko som gav ei samla jordbruksinntekt på rundt 130 000 kroner per årsverk i fjor.

Annonse

For bruka som har kombinasjonen korn og svin, var inntektsfallet på 101 700 kroner eller 20 prosent. Meste­parten av nedgangen her er knytt til lågare prisar og auka kostnader.

Dei store kjøtlagera slår tydeleg inn på økonomien hos mange bønder. Derfor får ein håpe at utkjøpsordninga for svin blir ei god ordning. Det er lagt inn føringar i ordninga, slik at ein skal unngå storstilt sentralisering av svinenæringa. Det er eit mål å halde oppe svineproduksjonen i heile landet og sikre at distriktsgrisen har ei framtid.

I den nye Nortura-prognosen for 2019 går produksjonen av svinekjøt ned med tre prosent. Prognosen går ut frå at mengd slakt skal gå ned med fem prosent. Det er positivt, og viser at mange svineprodusentar har lytta til rådet om å redusere purketallet. Men det er 6 000 tonn svinekjøt på reguleringslager, etter at nesten heile eksportkvota er nytta. Det vil skape store utfordringar, også i 2019.

Neste artikkel

Håkon Haug Laa er ny leder i Buskerud Bondelag