Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Opplasting av dyr må ikkje gå på helsa laus

Aldri meir, konkluderte Eirik Svarstad med, etter at oksane hans i januar blei sende med ein slaktebil det var griser på, sjå sak i lenka under. Ristinga av dei første oksane på bilen, fekk grisene til å hyle, og dei neste vart livredde og kom i retur i stor fart. Det er både farleg og dårleg dyrevelferd, meiner bonden. Dyrebilsjåføren er også ekstra på vakt når han lastar storfe inn på ein bil med griser.

Nortura meiner dette ikkje er noko stort problem. Selskapet må enkelte gonger transportere slik, for å klare å sikre henteplikt i heile landet. Det same meiner Animalia. Det å transportere dyra i to etasjar, gjer at sjåføren blir mindre pressa på areal. Sjåføren kan gjere val og finne løysingar som i større grad enn før, tar omsyn til dyra, sa Animalia til Bondebladet tidlegare.

Det er likevel viktig å ta signala frå Svarstad på alvor, å sjekke om dette er eit større problem enn ein veit om. For Nortura er det snakk om logistikk og økonomi, altså for bonden sin økonomi. Men opplasting av dyr må ikkje bli ein fare for folk eller dyr, då må ein sjå nærare på problemet. God dyretransport er ein viktig del av god dyrevelferd.

Annonse

I EU vil ein no gjere noko med dårlege forhold under dyretransport. EU-komiteen konkluderte i sin rapport med at reglane i gjeldande transportregelverk, ofte ikkje blir haldne. Dyr som er uegna til transport, blir likevel transporterte, og transportmidla er ikkje alltid egna.

Rapporten peikar også på at mange dyr blir frakta under ekstreme temperaturar, med lite plass, for lange køyretider og svikt i forsyninga av vatn og fôr.

Komiteen foreslår at EU-kommisjonen lagar eit strengare regelverk, med betre tilsyn. Blant forslaga er videoopptak under lasting og lossing. EU-parlamentet vil stimulere til etablering av mobile slakteri og gardsslakteri, noko som vil bidra til å redusere talet på dyretransportar.

Det same vil ein oppnå ved å endre til driftsformer kor ein i større grad har dyra i heile levetida. Økonomiske insentiv bør nyttast til å oppnå dette, meiner parlamentet.

Neste artikkel

Han gikk tvert gjennom ei rundballepresse, og kom levende ut igjen