Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Oppfordring til drap er ikkje humor

Sist veke annonserte Klanen, Vålerenga Fotball sin uavhengige supporterforeining, at dei kan trykke t-skjorter med teksten «Redd ulven – skyt bønda» på bestilling. T-skjortene er til sals i butikken deira i Oslo.

Teksten er den same som Klanen brukte då Vålerenga møtte Elverum i cupen i 2014. På tribunen hadde dei tilreisande supporterane teke med seg eit stort banner med denne teksten. Ulvedebatten var den gang, som no, hard mellom tilhengarar og motstandarar av ulv.

Klanen vil provosere og få merksemd, og det har dei klart. Saka fekk mange og sterke reaksjonar sist veke. Supporterklubben meiner dette er ironi og humor, og at det på ingen måte skal takast på alvor. Klanen kjemper mot andre supporterforeningar, særleg Lillestrøm, og dei blir rekna som bønder.

Å forvalte ulven rett, er ei vanskeleg sak, ikkje berre her i landet. Det er harde frontar og tøffe debattar. Det er bra med debatt, sakleg debatt, og det er bra med humor. Men oppfordring til drap er ikkje humor, det er både krenkande og ulovleg. Det forstår nok både Klanen og Vålerenga Fotball.

Annonse

No har sauebonde Leon Edal Larsen frå Voss meldt supporterklubben til politiet. Larsen meiner Klanen ikkje ser alvoret i dei signala dei sender, og at dei beveger seg langt vekk frå idretten. Larsen har rett, og dette må Klanen og Vålerenga Fotball rydde opp i.

Fotball er toppidrett, men òg den mest populære idretten for barn. Mange barn er på kampane til Vålerenga og andre norske toppklubbar, og har fotballspelarar som ideal. Det lyser ikkje god moral og godt lagspel av ei t-skjorte som dette.

Oppfordring til drap på bønder tar mange Vålerenga-tilhengarar også sterk avstand frå. Dersom ikkje Klanen eller Vålerenga ryddar opp, må Norges Fotballforbund ta tak. Oppfordring til drap er ikkje ironi og humor. •

Neste artikkel

Etterlyser saue-løft i Nortura