Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nyttig læring og nødvendige tiltak

Så langt har vel 1200 personar i landbruket gjennomført arbeidsgivarkurs, for å auke kunnskap og kompetansen som arbeidsgivar. Kursa har gått som webinarer, og ein er innom sentrale tema som løn, arbeidstid, forsikring, tenestepensjon, innkvartering, arbeidsavtalar og HMS.

Det har vore med representantar frå Arbeidstilsynet på alle kursa, og dei har ein eigen presentasjon. Deltakarane er nøgde med kurset, og mange meiner det er bra å få direkte kontakt med Arbeidstilsynet, melder Bondelaget som står bak kurset saman med Gartnarforbundet, Gartnerhallen og Norsk Landbruksrådgiving.

Dette er godt samarbeid i praksis. På kort tid var kursa oppe og gjekk, til nytte for arbeidarane, for grøntnæringa og for heile landbruket. Vi får håpe det gir færre skandaleoppslag i pressa til sommaren.

Det kom fleire positive nyhende for grøntnæringa sist veke. Dei nesten 300 sesongarbeidarane som har sete fast i Norge sidan i fjor, kan no få fornya opphaldsløyve for sesongen 2021. Unntaket for gjeldande regelverk gjeld berre for arbeidarar som sit fast på grunn av innreiserestriksjonar i heimlandet, som følgje av covid-19. Avklaringa er godt nytt for enkeltpersonar som står i ein vanskeleg situasjon, og for produsentar som treng deira kompetanse.

Annonse

I tillegg har regjeringa forenkla kombinasjonen av dagpengar og sesongarbeid i fiskeindustrien og landbruket. Dagpengemottakarar som tar seg jobb som sesongarbeidar, kan føre halvparten av timane dei jobbar på meldekortet. Det betyr i praksis at dei som tar seg jobb i landbruket eller fiskeindustrien, skal tjene meir på det. Det vil gjere det meir attraktivt for permitterte og arbeidsledige å ta seg jobb her.

Det trengs mange hender for å sikre tilgangen til norskproduserte varer i komande sesong. Dette kan gje meir forutsigbarheit for grøntnæringa og fiskeindustrien, og det kan vere med å sikre den viktige matforsyninga vår.

Neste artikkel

Løft småskala grønnsaksdyrking