Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nye traktorreglar gjer arbeidsdagen enklare

Sist veke kom endeleg gladmeldinga frå Statens vegvesen – nye reglar for traktorkøyring på veg. Landbruksnæringa kan no køyre femti kilometer i luftlinje, med brei traktor eller anna næringskøyretøy (breidde inntil 3,50 meter), mot tidlegare 34 kilometer.

Det betyr at regelverket for traktoren i vegtrafikken får meir praktiske tilnærmingar, tilpassa dagens maskiner og bruksmønster.

Representantar for landbruksnæringa har i lengre tid etterlyst klarare reglar for slik køyring. Ei arbeidsgruppe som har bestått av Statens vegvesen, Bondelaget, Arbeidstilsynet, Norsk Landbruksrådgiving og Maskinentreprenørenes Forbund, har gjort ein solid jobb med å fornye regelverket.

Det blir vidare enklare å ferdast langs offentleg veg utan reiskap montert, om ein køyrer med breihjul eller tvillinghjul. Før måtte ein montere ein reiskap som var like brei, eller breiare, enn traktoren si breidde for å ha lov til å køyre langs veg, dersom dekka sin ytterkant gav traktoren ei bredde over 2,55 meter.

Annonse

No kan ein køyre med tom traktor mellom skifta ein arbeider på. Køyring med brei landbruksmaskin til og frå jordbruksareal, verkstad, kjøp/salsstad og entreprenørkøyring blir no ein del av vilkåret om «vanleg bruk».

Vinterperioden blir òg enklare i traktorhytta. Tidlegare måtte føraren ha med tre kjettingar, to til drivande aksel og ein styrekjetting, mellom 1. november og andre påskedag – uavhengig av vêr og føre. No er kjettingar til traktor berre eit påbod når ein reknar med køyring på veg som er snø- eller isdekka.

Mange traktorførarar har venta på enklare regelverk. Dette vil gi ein lettare kvardag for mange i landbruksnæringa. Det nye regelverket passar betre inn i dagens landbruk – med færre gårdar, meir leigejord og lengre køyreavstandar for dei som driv mange teigar.

Neste artikkel

Matjorda vant i Vestby