Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ny vekkar om mattryggleik

Så langt har 24 medlemsland i EU meldt om funn av fipronil i egg. I tillegg er det meldt om tilfelle i 16 land utanfor EU, blant anna i Norge kor det er funne i eggeplommepulver frå Tyskland. Orkla har kjøpt to tonn av dette til bruk i dressingar.

Innhaldet i dei ferdige dressingane er under grensene som er sete av EU for mogleg helseskade. Selskapet har likevel valt å trekke tilbake seksten ulike dressingar frå marknaden.

Fipronil blir brukt i veterinærprodukt for å fjerne lopper, lus og flått hos dyr. I Nederland blanda eit belgisk skadedyrfirma fipronil inn i eit middel brukt i kampen mot hønsemidd. Firmaet brukte dette ulovleg og utan å opplyse om innhaldet av fipronil.

Middelet var ikkje særleg effektivt før firmaet blanda inn fipronil. Den gode effekten av middelet, samt det at eggprodusentane var uvitande om det, gjorde at saka fekk eit så stort omfang, skriv Animalia.

Saka er skremmande på mange måtar. Ho viser tydeleg kor langt nokon er villige til å gå for å bli kvitt eit problem, og for å tene pengar. I tillegg viser saka kor fort mat med ulovleg innhald kan spreie seg, både i og utanfor EU.

Annonse

Mange hugsar nok E. coli-saka i Norge i 2006. Til saman 18 personar, blant dei 16 barn, blei sjuke etter å ha ete infisert mat. Eitt av barna døde. Smittekilda var morrpølse frå eitt av Nortura sine anlegg. Mattilsynet blei i ettertid kritisert for korleis dei hadde handtert saka, og dei hadde ei grundig evaluering av krisa.

I Norge har vi stor tillit til at maten vi kjøper i butikken er trygg. Ei undersøking frå 2016 viste også at vi har stor tillit til Mattilsynet og Helsedirektoratet.

Norsk mat og norske egg inneheld verken fipronil eller farlege salmonellabakteriar. Kvifor brukar då Orkla eggeplommepulver frå Tyskland i sine dressingar, og kvifor fortel dei ikkje dette til norske forbrukarar? Dette bør vere ein vekkar for mange involverte.

Neste artikkel

Rekorddårlige målinger for norsk mat