Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

NVE må få meir pengar til rassikring

Juli har vore ein fin sommarmånad mange stader i landet. Det har vore varmt og tørt, men også ein del nedbør. I overgangen juli/august vart det brått slutt på godvêrsperioden på Vestlandet, blant anna i Jølster, Gloppen og i Jordalen i Voss kommune.

Enorme nedbørsmengder på kort tid førte til fleire ras og elvar som fann nye løp ned fjellsidene. Det er store skadar på dyrka mark og fleire hundre mål er øydelagde. Skogsvegar og reiskapshus er raserte, og store mengder rundballar er øydelagde eller på avvegar.

Meteorologane varsla om kraftige regnbyer, men det kjem ofte mykje meir nedbør enn forventa. Det skaper mange farlege situasjonar.

NVE har sidan mars 2019 samarbeida med geologar og andre om ein bransjestandard for kartlegging av skredfare i bratt terreng i Norge. Ein felles bransjestandard skal gjere det enklare for bransjen å kartleggje i samsvar med TEK17. Fram til no har det ikkje eksistert nokon felles bransjestandard. Målet er at skredfarevurderingar skal bli enklare å bestille, utføre, etterprøve og bruke.

Annonse

Regjeringa har neglisjert rassikring i mange år, og NVE manglar store pengesummar til å følgje opp alt som ventar. Kommunar har blitt oppmuntra til å utarbeide raskart og flaumkart for sikring av område. Mange kommunar har gjort det, men det hjelp lite når styresmaktene ikkje løyver meir pengar til sikring.

Det vil komme meir ekstremvêr både på Vestlandet og mange andre stader, seier geologar og hydrologar, og endringane kjem fort. Då må styresmaktene gjere meir for at innbyggjarane kan oppleve at det er trygt å bu kor dei bur. NVE må få meir pengar til å gjere sikringstiltak snarast.

No er det viktig at alle bønder tar bilete av skadane som har oppstått. Naturskadeordninga dekker skade på objekt det ikkje er mogleg å forsikre mot naturskade gjennom alminneleg privat forsikringsordning. Dette kan vere vegar, bruer, jord- og skogbruksareal.

Neste artikkel

– Stor tragedie for dyr og folk