Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nok dyr som har lidd på grunn av dumskap

«Pant boksen!» er bodskapen i ein ny kampanje frå Norges Bondelag. Formålet er å få slutt på at søppel og drikkeboksar blir slengt i vegkanten og hamnar i graset og seinare i fôret til dyra.

Kampanjen er på sin plass: Det er sommar og mange nordmenn er på bilferie i Norge i år. Det er idioti å kaste boksar og søppel ut frå bilen. Det kan ende i magen på beitande dyr. Dei skarpe kantane på boksane kan bli som barberblad, og kan føre til fæle lidingar for dyra. Dei siste åra har mange husdyrbønder måtte avlive dyr etter at dei hadde fått i seg slike boksar.

Mange bønder gjer mykje for å unngå slike boksar i fôret. Nokon kjøper inn metalldetektorar og monterer desse på hausteutstyret, men det er vanskeleg å stoppe alt som ligg i graset. Er graset høgare enn ti centimeter, er det meir eller mindre umogleg å finne gjenstandar som er kasta i enga.

Mange bønder gjer og ein stor jobb med å rydde opp og plukke søppel og boksar langs vegane. Det er nesten utruleg kor mykje folk kastar frå seg. Det kan mange bønder skrive under på.

Annonse

I 2018 dobla Klima- og miljødepartementet pantesatsen på drikkevareemballasje. At panten auka, bidrog til at det i 2018 blei panta 94 millionar fleire flasker og boksar enn året før. Innsamlingsandelen er svært høg. Likevel er det ca. ti prosent av flaskene og boksane som ikkje blir returnert. Det er her problemet ligg.

I februar 2017 fann forskarar 30 plastposar og store mengder småplast i magen på ein Gåsenebbkval. Saka fekk masse merksemd og mikroplast i verdshava kom på dagsordenen.

«Pant boksen!» treng og merksemd. For husdyr og bønder er årets kampanje særdeles viktig, og han bør bli ein vekkar for alle. Det er nok dyr som lidd på grunn av dumskap. Dette er rein idoti, og det er eit ansvar for kvar og ein av oss. Opplever vi dette, så skrik ut!

Neste artikkel

– Bokser blir som barberblad