Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

No trengst det arbeidskraft

Koronakrisa har ført til strenge grensekontrollar, stengde flyplassar og hamner, samt karantenereglar i mange land. Dette vil ha stor innverknad på produksjonen i landbruket, som har mange arbeidstakarar frå utlandet.

Behovet er stort, og det er viktig at kjem gode løysingar så snart som råd. Norske bønder må i større grad basere seg på norsk arbeidskraft. Det blir ei stor utfordring, særleg innanfor grøntsektoren.

I Norge er svært mange arbeidstakarar allereie permitterte, og NAV får dagleg inn titusentals søknader om dagpengar. Det må komme på plass effektive formidlingskanalar mellom bonden og ledig arbeidskraft. Tilgjengeleg arbeidskraft i primærproduksjonen er avgjerande for forsyninga av mat, og derfor må dette prioriterast høgt.

Alle industriverksemder er sårbare om det skulle bli smittespreiing. Det gjeld sjølvsagt for matindu­strien òg. Store samvirkebedrifter som Tine, Nortura og Felleskjøpet melder at situasjonen er under kontroll. Produksjonen går bortimot som normalt, og det er særdeles viktig akkurat no.

Annonse

Friske bønder og god råvareflyt er heilt avgjerande. Bondelaget oppfordrar alle bønder til å ta fram beredskapsplanen for garden. Tenk gjennom kva som vil skje dersom ein eller fleire i den daglege drifta blir sjuke og ikkje får stelt dyra.

Alle bør også gå inn på helsenorge.no og fylle ut kjernejournalen med eigne opplysningar, oppfordrar Bondelaget. I portalen ligg det opplysningar om alle, men ein må sjølv skrive inn kven som har ansvar for dyr og kven som skal bli kontakta for å ta hand om dyra, dersom det skjer noko. Informasjonen gir viktige opplysningar til helsepersonale.

Koronakrisa har snudd liva vår trill rundt på kort tid. Det er unntakstilstandar over alt, og vi må dra lærdom av krisa – blant anna kor viktig den nasjonale matvareberedskapen er. Det har vore lite i media så langt.

Neste artikkel

Farvel til møllekø med ny tørke