Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nedslåande rømmingstal

Dersom ein går inn på Fiskeridirektoratet si heimeside, er det eitt ord som går att altfor ofte i 2019 – rømming. Rømming av oppdrettslaks i Nordland, Troms, Finnmark, Hardanger og på Hitra, berre dei fem siste vekene i året. Dei fleste rømmingane er knytte til arbeidsoperasjonar på oppdrettsanlegga, særleg arbeid med avlusing.

Ved utgangen av desember var det meldt 49 tilfelle av rømming ved norske oppdrettsanlegg i 2019. Totalt utgjer dette 289 000 laks, 7 500 torsk og 2 000 regnbogeaure. Det er særleg ei rømming i Troms som gjer statistikken dyster – om lag 217 000 lakseyngel rømte frå Fjordsmolt AS sitt settefiskanlegg i august.

Tala er nedslåande og dårleg nytt for den norske villaksen. Næringa har gjort ein innsats, og talet på rømt fisk har gått gradvis nedover dei siste åra. Vi må til­bake til 2011 for å finne eit år med høgare tal rømte oppdrettslaks – 369 000 laks forsvann frå norske anlegg det året.

I forslaget til handlingsplan for ville bestandar av atlantisk laks, som er oversendt Klima- og miljødepartementet, går Miljødirektoratet gjennom trusselbildet mot villaksen. Når det gjeld problemet med rømt oppdrettslaks, kjem direktoratet med følgjande forslag:

Annonse

1) Innføre krav om merking og sporing av oppdrettslaks med heimel i akvakulturloven §10. 2) Innføre krav om bruk av steril oppdrettslaks med heimel i akvakulturloven §10. 3) Utviding av Nasjonale laksefjordar og laksevassdrag.

Miljødirektoratet er òg tydelege på at det ikkje er samsvar mellom villaksnorma og trafikklyssystemet for næringa. Grenseverdien for akseptable dødstal på utvandrande laksesmolt på grunn av lakselus, er opp mot 30 prosent.

«Dette umuliggjør oppnåelse av laksenormens mål om maksimale avvik fra normalt høstbart overskudd, grunnet samlet påvirkning», skriv direktoratet.

Alle rømmingane i 2019 er ikkje berekraftige for dei norske villfiskstammene. Det er god grunn til å sjå nærare på forslaga frå Miljødirektoratet.

Neste artikkel

Den perfekte kyllingrase?