Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Når krisa rammer

Rundt 200 dyr – kyr, kalvar og oksar, døydde i den tragiske fjøsbrannen i Gloppen 7. oktober. Kring 60 dyr vart berga, saman med bustadhusa og dei andre gardsbygningane. Det frivillige brannvesenet som var med og berga dei andre bygningane i vind og mørke, fekk mykje skryt av politiet i Gloppen. Dei gjorde ein eineståande innsats.

Brannar i landbruket rammar ikkje berre bygningar og husdyr, men også bonden og hans familie. Tap av dyr er ei stor belastning, som kan henge lenge i. Forsikringa dekker mykje av det økonomiske tapet, men kven kan hjelpe til med dei tunge kjenslene som kan kome sigande i ettertid?

Mange av oss vil oppleve hendingar som blir for vanskelege å bere åleine. Da kan gode naboar og vener gjere ein forskjell. At nokon bryr seg, kan vere til stor hjelp. Det er inga skam å be om hjelp, og det kan ha avgjerande betydning for å handtere dramatiske opplevingar.

Bondelaget kan koordinere eit samarbeid for å ta vare på dei som blir råka når kriser rammer. Landbruket er ein stor ressurs for beredskapen, og det er mange eksempel på bønder som stiller opp for nærmiljøet i krisesituasjonar.

I løpet av heile fjoråret blei det registrert totalt 123 brannar i driftsbygningar. Talet er det lågaste som nokon gong er registrert. Heldigvis var det berre i tre av desse brannane at dyreliv gjekk tapt. Enno er det vel to månader att av 2022, men vi ser at året har vore avvikande i negativ retning.

Annonse

Utviklinga kan vere tilfeldige variasjonar, men viser at det viktige arbeidet til Landbrukets Brannvernkomité, med å koordinere jobben mellom organisasjonar i landbruk og brannvern, forsikringsbransjen og offentlege etatar, må halde fram.

Ein kritisk faktor er blant anna oppgraderinga av mobilnettet. Teleoperatørane vil i løpet av 2025 sløkke dei gamle 2G mobilnetta for å bruke frekvensane til 4G og 5G. Om brannvarslingsanlegga ikkje vert oppgraderte i tide, vil ein risikere at direktevarsling til brannvesenet gjennom mobilnettet, ikkje fungerer.

Neste artikkel

Anders Felde advarer om kompaktlastere i fjøs