Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Når bekymringane hopar seg opp

2022 har vore eit svært krevjande år for mange bønder. Kostnadene har gått rett i taket på mange viktige innsatsmiddel, og i tillegg har renta gjort fleire små hopp. Det slår brutalt ut for dei som har gjort store investeringar og har mykje gjeld.

Det er ein sterk samanheng mellom økonomiske problem og psykisk helse. I ei måling utført av Agri Analyse for Landkreditt, oppgir 34 prosent av bøndene at bekymringar og depresjon, har auka dei siste par åra. Berre fire prosent av dei spurde, svarar at denne typen plager er redusert.

Det er tøft å oppleve at rekningane hopar seg opp, og at uroa for økonomien og framtida bit seg fast. Tillitsvalde i Bondelaget får mange førespurnader frå medlemmer som har det vanskeleg.

Di fleire som vågar å snakke om problema sine, di lågare kan terskelen også opplevast for andre. Ikkje vent med å søkje hjelp. Det er inga skam å be om hjelp, men det kan vere avgjerande for fleire at ein gjer det.

Annonse

Det er eit godt tips å gå inn på nettsida Godtbondevett.no. Her har Bondelaget samla mykje nyttig stoff om psykisk helse i landbruket, blant anna ei kort fempunkts liste med konkrete råd i kvardagen.

Det er hjelp å få. I helsevesenet, frivillige organisasjonar og i landbruket finst det ressursar som kan hjelpe, når ein sjølv, eller nokon ein kjenner, står i ein krevjande situasjon.

Meir openheit og kunnskap om psykisk helse er det beste middelet mot psykiske lidingar, er sagt av mange fagfolk på området. Likevel kan det vere ein høg terskel å komme over, å be om råd og hjelp for bekymringar og stress.

Vi er mange som kan bry oss meir, særleg når vi veit at nokon slit. Det er ikkje lett, og det krev mot, men det kan bety ein skilnad. Ta kontakt og spør: Korleis har du det? Er det noko eg kan hjelpe med?

Neste artikkel

Vi må bry oss om både bonde og fjøs