Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Næringslivet treng straumstøtte

Regjeringa har bestemt at ordninga med straumkompensasjon skal gjelde ut mars neste år. Dei økonomiske rammene vil vere dei same som i dag. Det er for å gi folk tryggleik, for at dei får ei avlasting for dei ekstremt høge straumprisane, seier olje- og energiminister Terje Lien Aasland (Ap) til NTB.

Staten dekker i dag 80 prosent av kostnaden for det overskytande når snittprisen på straum stig over 70 øre per kilowattime. Forslaget til regjeringa skal no ut på høyring, for så å bli lagt fram for Stortinget.

I januar bad Norsk Gartnerforbund landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) om straumkompensasjon til frukt- og grøntprodusentar, som har ekstraordinære straumutgifter til lagring og pakkeri.

Gartnerforbundet har fått svar frå Landbruks- og matdepartementet om at det ikkje blir noko utviding av ordninga med straumstøtte no. «Jordbruksstøtta» vil bli avgrensa til å omfatte bønder som søker produksjonstilskot og veksthusprodusentar.

Det er svært positivt at ordninga no blir utvida. Med dagens situasjon og turbulens er dette godt nytt. Ordninga vil gi betre forutsigbarheit, men energiprisane gjer det tungt for store delar av det norske næringslivet. I ein allereie vanskeleg situasjon, etter to år med pandemi og høge straumprisar, har det blitt energikaos etter Russland sin invasjon i Ukraina.

Annonse

Ifølgje NHO si medlemsundersøking oppgir rundt éin av fem bedrifter at dei vil måtte redusere aktiviteten, som følgje av dei høge straumprisane. NHO ber i brev til regjeringa om at «det etableres en ordning for strømstøtte til bedrifter, med rask iverksettelse».

Situasjonen er alvorleg for mange små og mellomstore bedrifter, inkludert mange pakkerier og lagre for frukt og grønt. I EU drøftar ein no straumstøtte til bedrifter og endringar i regelverket for statsstøtte. Dette bør Norge òg gjere, fordi situasjonen med energikaos og høge prisar ser ut til å vare lenge.

Neste artikkel

Stor hveteproduksjon gir stor eksport fra Russland