Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mykje å lære av KvinnerUT

Nestleiar i Frp, Sylvi Listhaug, og innvandringspolitisk talsperson, Jon Helgheim, har besøkt Danmark. Frp er skremde av tal som viser ein kraftig vekst av ikkje-vestlege innvandrar til Norge fram mot 2060. No vil dei lære meir om dansk innvandringspolitikk og tiltak som nabolandet vårt har starta opp.

Medan Listhaug og Helgheim var i Danmark, besøkte landbruks- og matminister Olaug Bollestad Norges Bygdekvinnelag. Dei to siste åra har Bygdekvinnelaget, gjennom prosjektet KvinnerUT, jobba for å fremje og styrkje inkluderingsarbeidet blant minoritetskvinner og tilflyttarar på bygda.

81 lokale bygdekvinnelag har teke del i prosjektet, og hatt minst fire aktivitetar kvar. Målet er at alle skal kunne vere med. I Ringsaker har Bygdekvinnelaget fått låne eit jordstykke på ca. to mål som dei kallar «Bætan».

Laget samarbeider med Ringsaker Røde Kors, Frivilligsentralen og Buketten om prosjektet, som har blitt ein suksess. Laget har arrangert møter og hagedagar, og på «Bætan» har dei produsert grønsaker, poteter og urter.

Annonse

Målet med prosjektet er å etablere møteplassar og kvinnenettverk som styrkjer minoritetskvinner og tilflyttarar si deltaking i lokalsamfunnet. Det handlar om «å få kvinner ut» og skape samhald gjennom felles aktivitetar i nærmiljøet.

No har Sparebankstiftelsen tildelt Bygdekvinnelaget 2,1 millionar kroner for å vidareføre prosjektet. KvinnerUt 2019 skal, ved å tilby kurs og opplæring til kvinner med minoritetsbakgrunn, gi kvinner betre moglegheiter til å skaffe seg arbeid.

«Prosjektet har ikkje berre eit mål om å få kvinner ut i naturen. Vi ønsker å opne dører for kvinner som opplever isolasjon på bygda, slik at dei opplever å høyre til i lokalsamfunnet», fortalde prosjektleiar Sosan Asgari Mollestad i Bygdekvinnelaget til Olaug Bollestad.

Bollestad er imponert over Bygdekvinnelaget og tiltaket. Ho meiner mange byar kan lære av bygdekvinnene. Dette bør Bollestad fortelje vidare, ikkje minst til Sylvi Listhaug og Jon Helgheim.

Neste artikkel

– Viderefører Listhaugs politikk