Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mjølkealarm frå Vestland

I statsbudsjettet har regjeringa sett av 200 millionar kroner ekstra til investeringsstøtte. Auken skal blant anna gå til små- og mellomstore mjølkebruk for å følgje opp lausdriftskravet.

No ber 16 ordførarar og seks varaordførarar frå Sp i Vestland, i eit brev til landbruksminister Sandra Borch (Sp), om at regjeringa endrar reglane for investeringsstøtte i jordbruket. Politikarane fryktar at pengane ikkje vil få tilsikta effekt.

I Vestland fylke vert i dag 70 millionar liter mjølk produsert i båsfjøs. Det er mange mindre bruk som står bak det høge talet. Vi veit at mange av desse bøndene står framom tunge investeringar, om det framleis skal vere mjølkeproduksjon på bruka.

I brevet viser Sp-ordførarane til at det framleis er 750 båsfjøs i Vestland, og at det må byggjast mange fjøs dei neste 13 åra for å tilfredsstille lausdriftskravet i år 2034. I dag er investeringsstøtta for små og mellomstore bruk for liten, til at desse bruka får lønsemd i investeringane, meiner Sp-politikarane.

Utfordringa i Vestland er at innretninga på midlane må endrast. Det er mange små og mellomstore mjølkebønder som lurer på framtida. Bruk med 15–30 kyr som ikkje kan bli noko særleg større, fordi grovfôrarealet gjer det vanskeleg å drive rasjonelt. Det blir transport og køyring, meir leigejord og større kostnader.

I gjennomsnitt har det blitt lagt ned 362 mjølkebruk kvart år sidan 2013, eller eitt mjølkebruk kvar einaste dag. Det gir ein nedleggingstakt på nær fire prosent i snitt årleg. Dei neste åra står mange mjølkebønder framfor store utfordringar.

Frå 2024 kjem det krav om kalvingsbinge og krav om 16 veker på beite for kyr i båsfjøs. Frå 2034 skal alle kyrne kunne gå fritt.

I Vestland, og andre stader i landet, kan det komme eit ras av mjølkebønder som gir seg dei neste ti åra. Endringar i regelverket for investeringsstøtte kan gjere raset mindre.

Neste artikkel

Vestland gir ti millionar til lausdriftsfjøs