Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Meir trend enn boble

Kjøtfrie dagar er blitt langt meir enn ei boble. Det grøne byrådet i Oslo har bestemt at skulematen skal vere heilt fri for kjøt, og at kjøtinntaket skal halverast for institusjonsbrukarar. Samtidig vil Universitetet i Bergen teste ut julebord utan kjøt.

I oktober la forskar Annechen Bahr Bugge ved Forbruksforskningsinstituttet SIFO fram tal som viser at trenden får store utslag. Andelen som er «interessert i vegetarmat» har auka frå 12 til 18 prosent på seks år.

Tre prosent av befolkninga er vegetarianarar, medan ein prosent er veganar. Tala frå SIFO viser at kylling, storfe og svin framleis er mykje ete, men samstundes ønskjer sju prosent å minke inntaket av kvitt kjøt og 29 prosent av storfekjøt.

Trenden er den same i mange land, både i Vest-Europa og i USA. Utvalet av kunstig framstilte kjøterstatningar er her i eksplosiv vekst. For åtte år sia starta biokjemiprofessoren Patrick O. Brown selskapet Impossible Foods, sjå sak side 20–23 i Bondebladet.

Annonse

I 2016 blei hamburgaren lansert. No kan ein kjøpe hamburgaren ved 17 000 utsalsstadar i USA. I april 2019 annonserte Burger King at dei skal servere Impossible Whoppers i alle restaurantane sine i USA innan utgangen av året.

Undersøkingar viser at kunnskap om korleis kjøtstykket på tallerkenen vår påverkar eiga helse, dyra vi et og verda rundt oss, påverkar oss meir og meir. Mange et meir vegetarisk for å betre helsa, medan stadig fleire reduserer inntaket av kjøt av miljøomsyn. Mange gjer det òg av dyrevelferdsmessige årsaker, særleg kvinner og unge folk.

Denne snøballen vil rulla vidare. Det er vanskeleg å forstå at småfe og storfe, som nyttar gode utmarksbeite til å produsere både mjølk og kjøt, skal bli klimaverstingar. At sviktande dyrevelferd er grunnen til at fleire vel vekk kjøtet, er lettare å forstå.

Dette tar landbruksnæringa på alvor. Næringa må vinne forbrukarane sin tillit om at norske dyr har det bra, og at kjøt basert på utmarksressursar er bra for miljøet.

Neste artikkel

Ber de store snu på flisa