Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Maten vår er ikkje dyr

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at Norge er landet i Norden der innbyggjarane bruker minst pengar på mat. Tala kjem frå den europeiske kjøpekraftsundersøkinga for 2017, der Norge samla sett blir rangert på fjerdeplass i samanlikninga av prisnivå­justert BNP per innbyggjar.

Vi har det nest høgaste personlege konsumet per innbyggjar totalt sett i Europa, ifølgje SSB, og nordmenn ligg 27 prosent over EU-snittet i samla personleg konsum. Når det gjeld forbruket på matvarer og alkoholfrie drikkevarer, viser statistikken derimot heilt andre tal. Der ligg nordmenn fire prosent under EU-snittet.

Faktisk bruker innbyggjarane i alle dei andre nordiske landa meir pengar på mat enn nordmenn, når ein justerer for prisnivået. Danskane ligg akkurat på EU-snittet, finnane ligg to prosent over og svenskane tre prosent over snittet.

Island toppar statistikken. Islendingane brukte 36 prosent meir på mat og alkoholfrie drikkevarer i 2017 enn gjennomsnittet i EU. SSB skriv at ei mogleg årsak til det relativt høge konsumet på Island, kan vere at konsumet frå turistar kan vere inkludert i tala.

Annonse

Matprisane våre kan i prinsippet kuttast kraftig, dersom det skulle vere eit mål. Men norske matvareprisar er eit resultat av landbrukspolitikken gjennom tollmurar og importvern. Prisane speglar distrikts­politikken gjennom verkemiddel som blant anna skal sikre spreidd busetjing.

Med utgangspunkt i kjøpekraft, er ikkje norsk mat dyr. Maten er heller ikkje blitt dyrare, dersom vi har kjøpekrafta som utgangspunkt. Vi bør likevel halde fram jakta på urimelege marginar og få fram kva ledd i kjeda som sit att med størsteparten av kronene som går til mat.

Rundt 100 000 personar i Norge arbeider i næringar knytte til matproduksjon. Vel du norsk mat, er du med på å støtte bøndene og viktige arbeidsplassar i mat­industrien her i landet. Å få ut dette viktige bodskapet er prioritert, men det er framleis ein stor jobb å gjere her.

Neste artikkel

Flere kjeder i Sverige fjerner engangsgrillen