Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Staten må tilby meir

Staten kom med same tilbodet til bøndene i år som dei gjorde i 2018 – ein milliard kroner. Det vil gi ein inntektsvekst på 16 500 kroner pr. årsverk.

Statens forhandlingsleiar, Leif Forsell, meiner tilbodet i grove hovudtrekk føl opp jordbrukets krav – satsing på korn og grønt, ein styrka distriktsprofil på tilskot, auka støtte til små og mellomstore bruk, og at ein styrkjer grunnlaget for den geografiske produksjonsfordelinga.

Jordbrukets forhandlingsutval har bestemt seg for å i forhandlingar med staten om ein avtale. Det er lurt, for staten må ha meir å gi. Jordbruket kravde 1 920 millionar kroner, tilsvarande ein inntektsauke på 31 000 kroner pr. årsverk.

Tilbodet vil ikkje redusere inntektsskilnadane mellom bøndene og andre grupper. Det vil gi bøndene moglegheit til høgare inntektsutvikling enn andre målt i prosent, men det gjeld ikkje i kroner.

Annonse

For å oppnå same kronemessige inntektsauke som andre grupper på 20 000 kroner, må avtalen ha ei ramme på minimum 1 420 millionar kroner. Tilbodet legg til grunn at landbruket realiserer eit inntektspotensial på 250 millionar kroner, men då må marknadane komme i balanse. Det er utan tvil eit stort, ope spørsmål.

Tilbodet er heller ikkje godt nok med tanke på kornbøndene. Staten foreslår å auke målprisen for kveite og oljefrø med 12 øre per kilo, og målprisen for dei andre kornslaga med ti øre. Dei vil òg auke prisnedskrivingstilskotet, slik at kraftfôrprisen skal auke med tre øre. Til sammenlikning ville landbruket auke kornprisen med 15–17 øre, medan kraftfôrprisen skulle auke med eitt øre.

Organisasjonen hadde tydelege prioriteringar i sine krav, men avstanden mellom landbruket og staten er stor på fleire punkt. Regjeringa, med Bollestad som minister, må komme bøndene i møte, for at det skal bli ein avtale.

Neste artikkel

Vil ha tilbake 500 000 dekar korn