Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Lokalmat er ferievinnar

I fjor vår var det krise for mange lokalmatprodusentar. Bondens Marked stoppa heilt opp, og alt av marknader vart avlyst på ubestemt tid. Folk fekk ikkje komme på hytta, og mange produsentar mista gode inntekter på grunn av koronakrisa. Det betra seg for mange utover sommaren. Folk ferierte i eige land, og den lokale maten er viktig for mange, særleg i ferien.

Matstreif 2021 er dessverre avlyst, som i 2020. Det er framleis stor grad av usikkerheit knytt til lokale smitteutbrot. Det har også vist seg vanskeleg å finne ein egna stad å gjennomføre arrangementet på, forklarer Landbruks- og matdepartementet.

Mat*Larm fungerte godt som eit alternativ til Matstreif i 2020. Dette var eit konsept som kopla produsentar med restaurantar. Opplegget var spesielt innretta mot produsentar som mista store deler av sin marknad som følgje av pandemien, og derfor bør ein få til eit liknande arrangement i år.

Norstat og Mediacom Insight har gjennomført ei spørjeundersøking for Stiftelsen Norsk Mat i 2015, 2019 og 2021. Resultata viser at Finnmark er det geografiske området flest vil dra til for å oppleve unik lokalmat. I 2015 svarte 11 prosent at dei ville reist til Finnmark, i 2019 14 prosent og i 2021 er talet oppe i 16 prosent. Finnmark har lukkast.

Annonse

Mange er opptekne av lokalmat når dei reiser, og fleire og fleire oppdagar kor mange lokale matskattar som finst i landet vårt. Men det er likevel eit stort behov for meir informasjon. Kva er særskild for denne regionen, og kor får vi kjøpt denne lokalmaten?

Ein del produsentar har eit godt samarbeid med lokale butikkar, men informasjon og varer kan vere vanskeleg å oppdage i butikken. Både Hanen og stiftelsen Norsk Mat har gode nettsider, men det er framleis veldig mange som ikkje veit om desse sidene. Derfor kan lokalmaten bli ein ukjent diamant for mange turistar.

Neste artikkel

Selger hele dyret til sluttbruker