Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Livsviktig overvaking

I 2021 vart 511 avføringsprøvar frå raudrev og 20 frå ulv undersøkte for tilfelle av revens dvergbendelorm i Norge. Parasitten blei ikkje påvist i nokon av desse prøvane, melder Veterinærinstituttet. Totalt har det, sidan overvakingsprogrammet blei starta i 2002, blitt undersøkt meir enn 7 500 prøvar frå raudrev.

Revens dvergbendelorm er påvist i Sverige. Den er hittil ikkje påvist på det norske fastlandet, men er påvist på Svalbard. Bendelormen er ufarleg for hundar, kattar og andre rovdyr, men kan forårsake svært alvorleg sjukdom hos menneske.

Overvaking av dyre- og fiskehelse og fôr- og mattryggleik har stor betydning for folkehelsa vår, og for å kunne produsere god og trygg mat. Veterinærinstituttet gjennomfører overvakingsprogramma på oppdrag frå Mattilsynet. Programma bidrar til friske dyr, trygg mat og dokumenterer Norges status på desse områda.

Fugleinfluensa spreier seg no både i Norge og Europa, og utbrotet har vore omfattande. Særleg om hausten, når mange fuglar samlar seg for å trekke sørover, aukar smitten. Villfuglar flyr overalt, og det er desse fuglane som blir sjuke fyrst.

Høypatogene fugleinfluensa (HPAI)-virus kan forårsake alvorleg og svært smittsam sjukdom hos fjørfe og fuglar i fangenskap. Dødsprosenten i fjørfeflokkar kan i enkelte tilfelle vere på over 90 prosent. Influensaen kan smitte over på pattedyr og menneske, og her i landet er så langt nokre revar smitta.

Annonse

Veterinærinstituttet anbefaler at ein melder frå om svekka villfuglar, og er varsam med kontakt med desse. Ein bør melde frå til Mattilsynet, slik at dei kan ta ut prøvar frå fuglane.

God dyrehelse og dyrevelferd er avgjerande for å kunne produsere mat av høg kvalitet. Samanlikna med andre land har vi små gardar som er spreidde geografisk i heile landet. Det gir mindre grunnlag for smitte, men det skal så lite til for å få inn smitte, til dømes av fugleinfluensa.

Neste artikkel

Mædi ikke påvist i Norge i 2021