Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Lærlingordninga treff godt

Forsøket med yrkesutdanning, to år i skule og to år i bedrift for agronom og gartnar, viser så langt at elevane blir betre rusta til å ta fagbrev som 19–20-åringar. Det konkluderer Østlandsforskning i ein delrapport frå forsøket som går frå 2014 til 2020. Seks vidaregåande skular og seks opplæringskontor i Finnmark, Nordland, Buskerud og Vestfold er med i forsøket.

Ordninga har gjort at lærlingane får meir omfattande praktisk kompetanse enn elevar i Vg3 landbruk og i gartnarfaget. Lærlingane får sjølvstendige arbeidsoppgåver som er tilpassa den enkelte elev. Næringane er svært positive til å få fagarbeidarar som arbeidskraft, og viser vilje til å bidra gjennom å ta inn lærlingar, meiner Østlandsforskning.

I september vart det semje mellom dei fire prøvefylka og fagleg råd for naturbruk om å søke forlenging eitt år til. Det vil seie at ein vidarefører prosjektet til resultatet frå Østlandsforskning er klar. Dette er viktig for å halde på lærebedriftene, i tilfelle ordninga blir permanent.

Annonse

Det er for tidleg å dra konklusjonar om ordninga har gitt auke i rekrutteringa til landbruks- og gartnarutdanninga, men likevel kan ordninga gi eit betre utdanningstilbod for mange elevar. Dei får kunnskap og kompetanse som er betre tilpassa det næringane treng, og det kan auke statusen som bonde og gartnar. Det kan òg sikre meir stabil arbeidskraft i mange område, til dømes som avløysar.

Utdanning i naturbruk er inngangen til fleire yrke og vidare utdanning. For nokon gir naturbruk den teoretiske og praktiske plattforma dei treng som bonde, andre går vidare til ei høgare utdanning.

Praktisk erfaring er eit sentralt element i opplæringa. Då er det viktig at ein har arenaer som i størst mogleg grad samsvarar med det elevane vil møte seinare. Mange skular har dette, men for andre skular kan ei ordning med to år i skule og to år i bedrift, vere ei god løysing.

Neste artikkel

NMBU-rektor Mari Sundli Tveit går av