Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kvotefri kalveskyting er eit godt tiltak

Det er mange bønder i Vestland og Møre og Romsdal som slit med skadar av hjort, og stamma har vakse seg altfor stor i ein del område. For mange som driv grasproduksjon, er ikkje problemet berre redusert avling, men at kvaliteten blir forringa. Hjorten et det graset som kyrne og sauene likar best.

I mange område er det veldig høgt beitepress på innmarka, og når ein har så store tap av grovfôr, på grunn av beiteskadar, gjer det noko med motivasjonen for å halde jorda i hevd.

I skogen opplever mange grunneigarar tiltakande beiting på skog. Det fører til kvalitetsskadar på etablert skog, og det er vanskeleg å få planta ny, fordi hjorten et opp plantane etter at dei er komne i jorda.

31 kommunar i Vestland har søkt Miljødirektoratet om kvotefri avskyting av hjortekalv, og fått det innvilga for jaktåret 2022/2023. No er det viktig at alle kommunar som har fått løyve til kvotefri jakt på kalv, gjer denne jakta tilgjengeleg for alle jaktrettshavarane i kommunen.

Annonse

Dette betyr at kommunane gir moglegheita for kvotefri jakt på hjortekalv til alle vald i kommunen. Dersom jaktvaldet ikkje ynskjer å nytte seg av ordninga, kan kvar enkelt grunneigar i jaktfeltet praktisere kvotefri avskyting av kalv sjølv.

Det er liten tvil om at ein må endre avskytinga av hjort, til meir kalv og ungdyr. Historisk har det vore feil skattlegging av stamma. Ein har skote for mange vaksne bukkar og koller. No er ein i ferd med å endre avskytinga til meir unge dyr.

Kvotefri kalveskyting er det første av fleire målretta tiltak for å redusere hjortestamma. Ein må sjølvsagt evaluere tiltaket og sjå om det gir resultat, at ordninga er nyttig og konfliktdempande, og at det blir ei levekraftig hjortestamme med sunne dyr. Det er berekraftig forvaltning i praksis.

Neste artikkel

Smarte elger gjemmer seg for jegere