Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kvar vår det same

Kvar vår det same, skriv forfattaren Jon Fosse i si bok «Prosa frå ein oppvekst». Fosse er med bestemora for å jage sauene til fjells. Kvar vår det same er også ein gjengangar i årsmøtesamanheng, og på sakslista står det alltid val.

Bøndene står saman i fellesskapet. Nesten alle norske bønder er medeigarar i eitt eller fleire samvirkeselskap. Å eige ei verksemd saman med andre bønder, er ein verdi i seg sjølv. Demokratisk eigarstyring er eit grunnleggande prinsipp for samvirkeselskap. Alle eigarar har lik stemmerett og moglegheit til å påverke.

Derfor er valet ein viktig post på programmet – kvar vår. Samvirkeselskapa og organisasjonane i landbruket er avhengige av dugnad, at folk tar på seg styreverv og bidrar. Arbeidet går ikkje av seg sjølv, det kostar både tid og krefter, men det er viktige verv å fylle. Motivasjon er ofte det viktigaste. Er ein motivert, er det lettare å gjere styrearbeid etter arbeidstid, eller å bruke helgar til dette.

Det er viktig for motivasjonen å føle at ein blir sett, høyrt og lytta til. Her spelar nok styreleiar ei viktig rolle, for å få laget til å fungere best mogleg. Det er laget som tel mest.

Annonse

Gjennom samvirkeselskap kan bøndene påverke saman. Det er eit fellesskap som gir mykje nytte. Både faggrupper og styrene treng engasjerte eigarar som vil ta i eit tak.

Bondelaget, samvirkeselskapa og andre organisasjonar er heilt avhengige av grasrota, at bønder tar aktivt del. Det gjeld å bidra og påverke positivt, der det er moglegheiter for det. Det kan gjere ein skilnad.

I dette nummeret presenterer vi to nye styreleiarar som vil bidra med viktig innsats, Vegard Smenes i Geno og Beate Menes Didriksen i Norsvin. Lykke til!

Neste artikkel

FK Agris halvårsresultat preges av erstatningssaken mot Infor