Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kvar sommar det same

«To uker som jordbærplukker: 1 807 kroner». «Ba polske bærplukkere betale 7 500 kroner i måneden for å bo i køyeseng». «Her jobbet arbeidsinnvandrere fra Portugal for 63 kroner timen». «Gjorde 30 tilsyn i landbruksbransjen – fant brudd i alle». Dette er titlar henta frå VG dei siste vekene.

Vi veit ikkje om heile sanninga kjem fram i desse artiklane, men dette skader grøntnæringa og landbruket her i landet. Kvar sommar kjem dette i media, og det øydelegg mykje, sjølv om det er eit fåtal produsentar som er involverte.

Vi må ha som standard at alle skal ha eit ordna arbeidsliv, uansett om dei arbeider i jordbæråkeren, i grisehus, i helsevesenet eller med bilpleie. I norsk jordbruk er det ulovleg å løne sesongarbeidarar under 123 kroner i timen. Akkordløn er berre lov dersom ho utgjer meir enn denne minsteløna.

Leiar for A-krim i Arbeidstilsynet i Norge, Borghild Lekve, seier til NRK at dei generelt sett ser gode arbeidsforhold hos dei store produsentane. Men dei ser brot på regelverket også her. Arbeidstilsynet reagerer blant anna på dårleg innkvartering, og brot på regelverket om arbeidstid og løn.

Annonse

Mange grøntprodusentar er profesjonelle og tar godt vare på sine sesongarbeidarar. I år, med koronatiltak, har mange strekt seg langt for å få inn sine faste arbeidarar. Men det er nokon som bevisst bryt lovverket, og det skader heile næringa.

No vil ei samla næring ta grep. Norges Bondelag, Gartnerhallen og Gartnerforbundet innfører eit obligatorisk arbeidsgivarkurs for grøntprodusentar, med bærprodusentar som prioritert målgruppe. Målet med kurset er å auke bonden sin kompetanse om løn- og arbeidsforhold for å unngå lov- og regelbrot. Kurset er under utarbeiding.

Det må ikkje vere tvil om korleis arbeidsforholda skal bli handterte. Nyt Norge er meir enn gode råvarer. Det skal også vere ei forsikring om ryddige og gode arbeidsforhold i næringa.

Neste artikkel

Fruktbonde får 950 000 kroner fra Grofondet