Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kunsten å bry seg

Depresjon kan bli den hyppigaste årsaka til alvorlege helseproblem på verdsbasis innan 2020, meiner verdas helseorganisasjon, WHO. Livstidsrisikoen for å få ein alvorleg, depressiv episode, er mellom 10 og 25 prosent for kvinner og mellom fem og 12 prosent for menn, viser forsking.

Det er svært høge tal, og det betyr også at mange menneske med ansvar for dyr, i periodar slit med si psykiske helse.

Det er ein sterk samanheng mellom økonomiske problem og belastning for den psykiske helsa, særleg for menn ser det ut til. Denne sommaren har vore svært krevjande for mange bønder – med pressa økonomi som resultat.

Mykje kan virke håplaust når rekningane hopar seg opp, men det er hjelp å få. Di fleire som vågar å snakke om problema sine, di lågare kan terskelen også opplevast for andre. Ikkje vent med å søkje hjelp. Det er inga skam å be om hjelp, men det kan vere avgjerande for fleire enn deg at du gjer det.

Det er gjennom openheit at stigmaet forsvinn, og skamma rundt det å slite med økonomi og psykisk helse, blir mindre. Det er tungt å lide i det stille.

Annonse

Ein kan be fastlegen om tilvising vidare til psykolog eller psykiater, eller ein kan bruke HMS-tenesta til Norsk Landbruksrådgiving. Dei har eigne HMS-rådgjevarar som har avtalar med godkjente bedriftshelsetenester. Rådgjevarane kan assistere med praktiske råd og rettleiing når ei krise oppstår.

Openheit og kunnskap om psykisk helse er det beste middelet mot psykiske lidingar, sa Tove Gundersen, generalsekretær i Rådet for psykisk helse, under leiarsamlinga i Bondelaget nyleg.

Gundersen oppfordra alle til å bry seg meir, og særleg når vi veit at nokon slit. Ta kontakt og spør: Korleis har du det?

Er du i tvil, spør nokon om råd, men ikkje utsett det. Kan ikkje du hjelpe, kan kanskje andre? Vi må våge og spørje, og vi må tole og høyre. Det er å bry seg.

Neste artikkel

Grunnlaget for vern kan vaskes ut med flommen