Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Krigen kan få store følgjer

På nytt opplever Europa ein absurd og brutal krig. Krigsbileta frå Ukraina, med stridsvogner og kamphelikopter, er skremmande og uverkelege. Kampar går føre seg fleire stader, og Europa har ikkje opplevd liknande krigføring sidan andre verdskrig.

Ukraina har blitt ei brikke i eit storpolitisk spel mellom Russland og Nato, og menneska i Ukraina blir offer for Putin-statens blodige krig. Konflikten kan føre til store og smertefulle lidingar for den ukrainske sivilbefolkninga.

Krigen i Ukraina kan få store følgjer for matproduksjonen på kloden også. Svartjordsbeltet gjer Ukraina til eit rikt jordbruksland. I sovjettida vart Ukraina rekna som Sovjetunionen sitt kornkammer. Jordbruket sysselsette 14 prosent av befolkninga i 2020, og landet er ein stor eksportør av viktige matvarer, som kveite, mais, raps og soya.

Russland og Ukraina står for til saman 25 prosent av all kveiteeksport i verda. Høgare pris på kveitemjøl og andre matvarer kan no ramme forbrukarar i mange land. Saman med auka prisar på drivstoff, mineralgjødsel og straum, kan dette gi usikre og krevjande tider for bønder over heile kloden. Ein prisvekst på desse varene kan også forplante seg til andre råvarer, som aluminium og jern.

Sjølv om problema i Europa kan verke langt unna, må norske bønder belage seg på at kostnadane ein har opplevd på drivstoff, mineralgjødsel, straum og maskindelar, ikkje vil normalisere seg med det fyrste, meiner statssekretær Christian Anton Smedshaug i Klima- og miljødepartementet, sjå sak i lenka under. Han meiner det blir enno viktigare enn før med godt vedlikehald av maskiner og reiskapar, og at ein vurderer langsiktige energikontraktar.

Det er eit viktig punkt i Hurdalsplattformen å auke sjølvforsyningsgraden av norske jordbruksmatvarer til 50 prosent. Matkorn er ein av nøkkelproduksjonane her, men då må ein gjere noko med gjødselprisane. No hastar det å finne ei ordning på dette, for å unngå redusert matproduksjon denne sesongen.

Annonse

Neste artikkel

Kornavtalen forlenges med fire måneder