Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kornsiloar viktigare enn Stortingsgarasje

Oppussinga og oppgraderinga av Stortinget blei vedteke i 2013, og skulle i utgangspunktet koste 350 millionar kroner. Prosjektet este ut i omfang og kostnader. Det siste kostnadsanslaget er på 2,321 milliardar kroner. Dette var ein av fleire politiske skandalar i 2018.

Norske Felleskjøp har no laga ein kalkyle over beredskapslagring av korn i Norge. Eingongskostnaden ved bygging av silokapasitet, for det må vi byggje, og påfylling av korn for å få fire månaders lager av matkorn, vil koste rundt 685 millionar kroner, meiner Felleskjøpet.

Å drifte eit beredskapslager for matkorn på 150 000 tonn vil koste frå 45 til 60 millionar kroner pr. år, dvs. 30–40 øre pr. kilo og år. Det inkluderer rentekostnader, administrasjon, rullering av korn, straum og bemanning.

Ved etablering av eit beredskapslager for fire månaders forbruk av fôrkorn, blir etableringskostnadene mykje høgare. Kalkylen landar på 1 060 millionar kroner for utbygging av nok lagerkapasitet ved bruk av stålsiloar. I tillegg kjem ein milliard kroner til innkjøp av det fôrkornet som trengst for å fylle opp lageret.

Annonse

Samla kostnad for bygging og fylling av eit beredskapslager av fôrkorn blir med det 2 060 millionar kroner. Skal ein etablere beredskapslagring av fire månaders forbruk av både matkorn og fôrkorn, blir totalkostnaden på 2,7 milliardar kroner.

Politikarane må ta tak i dette. Vi må gjere oss mindre avhengige av importerte råvarer til fôr og mat. Dersom det skjer ei krise, både klimaendringar og ein ustabil global situasjon gjer oss meir sårbare for forsyningssvikt, kan det fort bli alvorleg. Det fekk vi prov på i fjor sommar.

Det er ikkje alltid nok å ha betalingsevne. Ingenting er normalt i ei krise, og vi har opplevd før at land innfører eksportstopp ved avlingssvikt. Oppgraderinga av Stortinget er viktig for tryggleiken til våre folkevalde, men kornsiloar er viktig for tryggleiken til heile landet. Prislappen er nesten den same.

Neste artikkel

Jordbruksoppgjøret: Kaller inn til pressekonferanse