Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kan gå utover dyrevelferda

I dag er kommunane i Norge organisert i 160 vaktdistrikt som får øyremerka tilskot for å ha veterinær tilgjengeleg døgnet rundt. Stortinget har no vedteke at det øyremerka tilskotet skal avviklast. Det skal heller gå inn i det generelle rammetilskotet til kommunane.

I verste fall kan eit bortfall av ordninga, og ei endring i fordeling av midlar, føre til at bønder ikkje får tak i veterinær utanom ordinær arbeidstid. Det er dårleg nytt for både husdyr og bønder.

Veterinærvakta er svært viktig for norsk husdyrproduksjon. Tilgangen til veterinærtenester heile døgnet gir bonden tryggleik og bidrar til god dyrevelferd og dyrehelse. Det er avgjerande for god drift og økonomi for bonden.

I samsvar med dyrehelsepersonelloven § 3 har kommunane ansvar for god tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell. Dette gjeld både på dagtid og på vakt. Kommunane har i tillegg ansvar for å organisere ei klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid. Vakttilskotet er avgjerande for at kommunane skal klare dette.

Annonse

I ein merknad frå Stortinget si behandling i juni, heiter det at midlane skal fordelast etter ein landbruksnøkkel. Det kjem regjeringa tilbake til i forslag til statsbudsjett for 2020.

Dagens vaktdistrikt er etablert på grunnlag av dyretal og køyreavstandar. Dersom endringa blir gjennomført må tilskotet fordelast etter behov, der husdyrproduksjon og landbruksverksemd må leggast til grunn. Dei svakaste områda kan risikere å miste tilskot og gode vaktordningar, slik dei er i dag.

Slik veterinærvaktordninga fungerer i dag, er det minimalt med administrasjon og ordninga er kostnadseffektiv. Inndelinga i 160 vaktområde varetar behova i kommunar med ulik storleik og ulik geografi.

Beredskap gjennom vakt er heilt avgjerande for å sikre god dyrevelferd, ha tilstrekkeleg beredskap mot smittsame sjukdommar og sikre trygg mat. •

Neste artikkel

Melkebonde mener Elotec må sørge for bedre opplæring