Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kampanjar mot svenskehandel

I 2018 handla nordmenn på dagsturar i utlandet for 15,7 milliardar kroner. Det er vel 600 millionar kroner meir enn i 2017. Kjøtvarer, alkohol og sigarettar er blant varene som sel best, og mange nordmenn drar til Sverige, men også til Finland og Russland.

Det blir arrangert bussturar frå mange norske byar og tettstader til Sverige. Olav Thon-eigde Charlottenbergs Shoppingcenter omsette i 2017 for litt over 2,5 milliardar svenske kroner og hadde opp mot 4,5 millionar gjester. Svært mange av dei var nordmenn.

Det er enorme tal, og går direkte ut over norske arbeidsplassar. Grensehandelen rammar heile den norske matverdikjeda – frå bønder, til matindustri og butikkar. I tillegg kjem den stadig aukande netthandelen frå aktørar i utlandet som også inkluderar daglegvarer.

Grensehandelen har skapt uro gjennom mange år. Tidlegare landbruksminister Lars Sponheim uttalte til Dag og Tid i 2002, at det var «harry» å dra på handletur til Svinesund. Han fekk mykje kritikk for dette, men forsvarte ordbruken.

Annonse

Blaker Bondelag i Akershus vil starte lokale haldningskampanjar mot svenskehandelen. Lokallaget har mange grunneigarar med både jorde og låveveggar langs vegane mot Sverige. Her vil dei setje opp reklameplakatar som får folk til å tenkje seg om. Bodskapet skal vere fakta og gode argument for å velje norsk.

«Vi produserer jo noe av verdens reineste og mest miljøvennlige mat. De som kjøper konkurrerende produkter i Sverige, må få så dårlig samvittighet at de ikke velger disse produktene», seier lokallagsleiar Kai Helge Eid Fjuk til Bondebladet.

Ideen er god, og både matindustrien, butikkjeder, miljøorganisasjonar og andre bør inviterast med. Å dra på grensehandel til Sverige, er ikkje noko klimareise. Handelen går ikkje berre ut over norske arbeidsplassar og statens inntekter, men skader også miljøet.

I kampen mot den aukande grensehandelen må også landbruket kjenne si besøkstid. Vi må kjøpe norske varer og tenester, blant anna på transport og byggje­materiale, så langt dette er mogleg.

Neste artikkel

Østfold-bonde dømt til to års fengsel for kornsmugling