Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ja, norske bønder kan snu seg og møte konkurranse

Det er ikkje kvar dag norske potetbønder er nemnt på leiarplass i Aftenposten, men det skjedde sist veke. Avisa meiner bøndene har godt av konkurransen frå franske potetbønder. Det har gjort utvalet av norske poteter mykje betre. «De har vist at de kan snu seg, møte konkurranse og gi forbrukerne det de ønsker seg. Det kan de være stolte av», skriv avisa.

Det er ikkje vanskeleg å vere einig i dette, men konkurransen frå franske potetbønder kan ikkje få æra åleine for at bøndene har snudd seg. Graminor har ansvar for utvikling av nye potetsortar i Norge. Dei har jobba med nye, norske potetsortar i mange år, etter innspel frå blant anna produsentar.

Det tar opp mot ti år å utvikle nye potetsortar. For å bli ein ny sort som skal bli godkjent for sal, er det mange krav som må oppfyllast, blant anna resistens mot sjukdommar og skadegjerarar. Dei norske potetene er kortreiste, og norske potetbønder har eit lågt forbruk av plantevernmiddel. Graminor utviklar for tida potetsortar som skal tole eit våtare klima, og bli enno meir robuste mot sjukdommar og skadegjerarar.

Annonse

Det er kunden som bestemmer i butikken, men då må han få servert heile sanninga. Med jamne mellomrom, og særleg dei siste månadane, dukkar det opp saker kor landbruksvarer har uklar, forvirrande eller feil merking. Det er tydeleg at mange av forbrukarane er opptekne av dette, og at det er ein veksande mistillit til kjedene sine rutinar for merking av mat.

Leverandørar har ikkje gode nok rutinar og er ikkje bevisste nok på å endre merking av emballasjen. I sum opplevast dette som feilmerking, meiner Matmerk-direktør, Nina Sundqvist. No vil landbruks- og matminister Olaug Bollestad kalle daglegvarekjedene inn på teppet, for å diskutere problemet med feil og villeiande merking av kjøtvarer i butikk.

Det er på tide. Forbrukarane har rett til å vite kor varene kjem frå, og dei må kunne stole på informasjonen som følg merkinga.

Neste artikkel

God framgang for Felleskjøpet