Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Inntektsgapet til andre er framleis for stort

Tilbodet frå staten i årets jordbruksoppgjer har ei ramme på 8,9 milliardar kroner. Det er 2,7 milliardar mindre enn jordbrukets krav. Både kravet og tilbodet er historisk høgt, men det er viktig å vite kva som er kompensasjon for auka kostnader.

Staten vil kompensere kostnadsveksten i 2022 med 2,4 milliardar kroner, og dessutan ha kronemessig lik utvikling som andre grupper i 2023. Regjeringa har forstått alvoret med kostnadane, og her møter dei landbruket fult ut. No er det viktig at denne kompensasjonen kjem raskt ut til bøndene.

Jordbruket la i sitt krav til rette for å tette inntektsgapet til andre grupper i samfunnet med 100 000 kroner. Her har staten kutta. Blir dette tilbodet endeleg resultat, vil inntektsgapet bli tetta med 30 000 kroner, gitt at kostnadsbildet ikkje forverrar seg enno meir.

Det er ingen tvil om at regjeringa har forstått alvoret med den store kostnadsveksten som næringa står i, men det er likevel eit stort gap mellom krav og tilbod for å tette inntektsgapet.

Gjennomsnittsinntekta i jordbruket var 426 500 kroner i 2021 og er prognosert til 386 100 kroner i 2022. I Norge var gjennomsnittleg årslønn 609 600 kroner i 2021 og er estimert til 632 200 kroner i 2022.

No skal det forhandlast, og næringa håper nok at inntektsgapet står høgast på dagsordenen. Staten foreslår at målprisane stig med 32 øre for mjølk, 90 øre for norsk matkorn og 12 prosent for grønt og frukt. Jordbruket kravde meir, med 36 øre for mjølk, 1,20 kroner for matkorn og 15 prosent for grønt og frukt. Det betyr at det er ein del å gå på i målprisar, sjølv om det ikkje gir nokon garanti for auka prisuttak i marknaden.

Unge bønder på veg inn i næringa føl nok ekstra godt med under årets oppgjer. Oppgjeret skal legge langsiktige rammevilkår for norsk matproduksjon. 30 000 kroner for å tette inntektsgapet er for lite, så her bør det vere rom for å hente ut ein god forhandlingsgevinst. Årets oppgjer må bidra til at bonden si inntekt kjem nærare andre grupper i samfunnet. Det er avtalt i Hurdalserklæringa.

Neste artikkel

Lokalmat og Bondens marked