Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ingen matnasjon utan ungdommar

Det er for få som utdannar seg til yrkesfag i Norge. Sjølv om det er tilstrekkeleg med lærlingplassar og at ein i mange fag nesten er garantert jobb etter fullført utdanning.

For matfaga er situasjonen særleg ille. På tolv år er talet på søkarar til matfaga redusert med 35 prosent. For matnasjonen Norge, for det har vi blitt, er dette ei stor utfordring. Vi treng fagfolk og matkompetanse i fabrikkar, butikkar, i restaurantar og på serveringsstader. Dei treng folk med fagbrev, som kokk, servitør, slaktar, konditor og anna.

Matnasjonen Norge vart tidlegare i år etablert som ei politisk ramme for næringsutvikling og verdiskaping, med utgangspunkt i sunn og trygg norsk mat. Vi har mange gode kort på handa, til dømes stor tilgang på gode råvarer, god plante-, dyre- og fiskehelse, god kvalitet i heile matkjeda og god dyrevelferd. Men vi må gjere meir for å få ungdommen til å velje matfag i vidaregåande skule.

Annonse

Under opningsdagen av «Midt i matfatet» i september, ein mat- og landbruksfestival som blir arrangert i Vikingskipet på Hamar kvart år, deltok 1 800 niandeklassingar. Dei kom frå heile Hedmark for å la seg inspirere, snuse og smake på ulike yrkesval innanfor matproduksjon og landbruk. Elevane fekk også høyre meir om bonden sin kvardag på festivalen.

Elevane fekk vite meir om alle tilboda som finst innanfor matbransjen av fabrikksjef på Orkla sitt anlegg i Elverum, Jens Erik Dobloug. Bodskapet hans var klart: «Vi treng fleire lærlingar». Dobloug fekk støtte av NHO sin regiondirektør i Innlandet, Jon Kristiansen, som slo fast at seks av ti NHO-bedrifter manglar kompetanse i si verksemd.

Elevinvitasjonen i Vikingskipet er eit eksempel til etterfølging. Skal vi få fleire ungdommar til å velje matfag, må dei få informasjon om alle tilboda som finst, og at det er mange og gode jobbar i bransjen. Utan unge folk som vil inn, blir det vanskeleg å byggje matnasjonen Norge vidare.

Neste artikkel

Lærlingordninga treff godt