Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Influensere på potetlaget

I neste veke er det klart for potetdagen. Dagen er ny, og målet til Opplysningskontoret for frukt og grønt (OFG) er å nå dei unge. Dei er ikkje akkurat storetarar av potet.

Ei stor undersøking frå 2018 viser at unge mellom 18 og 35 år, sjeldan eller aldri et poteter i kvardagen. Det er overraskande få. Personar over 50 år et potet tre gonger i veka.

Den 2. oktober skal studentar ved Oslo Met få smaksprøvar på indiskinspirert potetgryte, for å vise at ein kan lage mykje godt og spennande av potet. I tillegg er det næringsrik, sunn og rimeleg mat.

OFG er offensive og tenkjer nytt: I ein kampanje som startar på sosiale medier i veke 40, skal fire influensere snakke fram potet for målgruppa. På heimesida til OFG kan ein finne mange gode og nye oppskrifter med potet.

Dei unge likar potet, men dei er ikkje vane med å bruke ho. Det går mykje i pizza, ris og pasta, viser spørjeundersøkingar. Det er ikkje gjort i ein fart å snu denne trenden, men dei unge kan lære å bruke potet i nye rettar. Det er eit viktig steg mot målet.

Annonse

Verdikjeda har jobba godt og langsiktig med den norske poteta dei siste åra. Sentralt her står ein auke i kvaliteten på norske poteter. Det måtte på plass for å selje meir norske poteter.

I tillegg kjem nye pakningar med betre merking, både sortsmerking, Nyt Norge-merket og Gartner-merket.

Fleire i bransjen meiner det er mogleg å auke salet av norske poteter enno meir. Salet av småpoteter går jamt oppover, men her er det potensial for vekst. Blant anna ved å finne gode kombisortar, kor ein kan utnytte poteter av ulik storleik.

Poteta bør absolutt få ei større rolle i kosthaldet vårt framover. Ho vil bidra til eit sunnare og meir berekraftig kosthald. Dette bør vere ein bodskap som er lett å selje – særleg inn mot dei unge.

Neste artikkel

Potetbønder risikerer milliontap