Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Hundar er ikkje alltid snille

Ein eller fleire sauer er daue, og fleire kan komme til å bli avliva, etter det som truleg er eit angrep frå hund. Det har dessverre vore mange slike meldingar i norske aviser i sommar. Mange nordmenn har vore på hyttene sine i fjellet, og mange har hund.

Dessverre er det nokon som slepp hunden sin, sjølv om det er bandtvang. Denne er utvida til 31. oktober ein del stader. Den klassiske kommentaren når ein peikar på dette, er gjerne: Hunden vår er så snill at han aldri vil springe etter sau.

Ein einsleg hund kan gjere stor skade i ein saueflokk. Nyleg vart 32 av 34 sauer til Solveig Sakshaug i Kvalsund, funne drukna. Nokre av dei flaut i Repparfjorden, andre låg i fjøra. Kva som faktisk har skjedd med sauene, er eit mysterium, men sauene kan ha blitt jaga på sjøen av hund eller rovdyr.

Politistasjonssjef i Hammerfest, Tommy Flåten, seier til NRK at saka er lukka frå politiet si side. Det er ikkje kome fram noko som gjer at det er grunn til å etterforske vidare, meiner Flåten.

Her er vi ved kjernen i problemet. Mange sauer blir jaga av hund, men mange av desse sakene blir ikkje etterforska av politiet, på grunn av mangel på vitne eller bevis.

Annonse

Sjølv om hunden ikkje direkte bit sauen, kan sau og lam bli skremte utfor skrentar og stup, eller drukne i vatn. Sauer toler heller ikkje særleg lange springeturar og kan derfor døy av utmatting dersom dei blir jaga. Lamma er særleg utsette.

Lovverket er klart: Brot på bandtvangsreglar – eller brot på alminnelege vilkår for å la hund vere laus (hundelovens § 4) – kan resultere i strafferettsleg ansvar for eigar, eller at hunden i verste fall blir avliva. I § 14 står det at han som eig eller passar sau som beiter lovleg, kan gjere nødvendige inngrep mot hundar som jagar sauen – så sant inngrepet ikkje går lenger enn nødvendig for å avverje skade.

Dersom ein hund har påført ein sau vesentleg skade, og framleis utgjør ein klar fare, kan han avlivast på staden.

Oppfordringa er klar og enkel: Ta omsyn til beitedyra, og respekter bandtvangen.

Neste artikkel

Advokat vil flytte Mattilsyn-makt