Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Hivju, Nortura og sauen

Kristofer Hivju gjorde braksuksess under fyrste episode av «Matsjokket» på NRK i fjor haust. Den norske skodespelaren og Game of Thrones-stjerna tok med seg kona inn på Nortura sitt fryselager. Her låg det ca. 20 000 saueskrottar på lager, eller rundt 10 millionar middagar.

I programmet prøver ekteparet Hivju og TV-kokken å overtyde matvarekjedene om at dei må selje meir av den norske sauen. Representantar frå Rema 1000, Norgesgruppen og Coop fekk blant anna servert burgar laga på sauekjøt, og dei likte smaken. Dette var godt TV, og folkeopplysning på sitt aller beste.

Ferske tal frå Nortura viser at konsernet hittil i år har hatt volumvekst på både sau og lam, fem prosent på lam og åtte prosent på sau, samanlikna med 2019. Då er alt sal til daglegvare og proffmarknaden inkludert. Salet av sau og lam til grillen er meir enn dobla samanlikna med fjoråret.

I tillegg blir Gilde hverdagslam tilgjengeleg i fleire butikkar og med fleire ulike produkt enn tidlegare. Per no tar produktserien unna 1 000 lam i veka, og Nortura ser eit potensial for enno meir vekst.

Annonse

Nortura får mykje «pepar» for tida, no fortener dei skryt. Både for salskampanjar på produkt som har sau som ein av ingrediensane, for eksempel spekemat, sodd og beinfritt sauekjøtt, for produktutvikling, særleg på nye produkt av lam, og for betre marknadsføring av sau- og lammekjøt.

Ekteparet Hivju og NRK fortener og skryt. Sauekjøtet fekk solid drahjelp etter «Matsjokket» og all støyen som følgde i kjølvatnet av programmet. No er lageret av sauekjøt tomt, men fleire hundre tonn gjekk altså til Oman, gjennom Nortura-selskapet Noridane.

Liker du smaken av lam, vil du også like sau. Det er smakfullt og saftig kjøt som kan brukast i alle oppskrifter der vi vanlegvis brukar lam. Vi får håpe dette har festa seg hos forbrukarane, og at sauebonden vil merke det i lommeboka på sikt.

Neste artikkel

Foreslår midlertidig konsesjonsøkning for gris