Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Harde tak for distriktsjordbruket

Sist veke vart rapporten Klimakur 2030 lagt fram. Her har ein sett på ulike tiltak som kan gi minst 50 prosent reduksjon av klimagassar dei neste ti åra innanfor såkalla ikkje-kvotepliktig sektor (transport, landbruk, avfall og bygg og anlegg), i tillegg til skog og arealbruk.

Rapporten slår fast at vi må ete mindre kjøt og langt meir plantebasert kost for å få ned klimautsleppa. Å leggje om frå husdyrproduksjon til planteproduksjon vil, ifølgje rapporten, føre til 5 000 færre årsverk i landbruket og redusere landbruksarealet med ti prosent.

Klimakur 2030 skriv at det er eit potensial for utsleppsreduksjon i jordbruket på 5,1 millionar tonn CO₂-ekvivalentar. Dei største kutta ligg i mindre matsvinn og reduksjon i kjøtforbruket.

Andre klimatiltak som blir foreslåtte, er ulike fôr- og gjødseltiltak, bruk av husdyrgjødsel til biogassproduksjon og tiltak for ein auke i karbonbinding. Problemet er at det manglar gode intensiver for desse tiltaka.

Annonse

Jordbruket har allereie forplikta seg til i klimaavtalen, og kutt på fem millionar tonn CO₂- ekvivalentar innan 2030 vart signert med regjeringa i fjor sommar. Framfor tiltak som reduserer matproduksjonen, må vi finne gode løysningar som utnyttar dei knappe areala vi har.

Det er ikkje mogleg å dyrke særleg med grønsaker langt nord eller på bratte vestlandsgardar, men både gras og beitedyr trivst der. Det gir kjøt som, ifølgje internasjonale studiar, har fire gonger lågare klimautslepp enn det Norge importerer frå Sør-Amerika.

Det er nok av mørke skyer over jordbruket vårt for tida. I somme regionar er det kø av mjølkebønder som vil selje kvote til staten. Den 3. februar var det til saman 197 bønder som hadde meldt inn kvota si for sal i Oppland, Vestland og Telemark. Snittkvota dei vil selje er på under 70 000 liter.

Salet av mjølkekvotar vil føre til endringar i distrikta – der det i dag er eit sterkt press på jordbruket vi gjerne vil behalde. Mange av forslaga som ligg i Klimakur 2030, vil gjere det enno tøffare for distrikts­jordbruket.

Neste artikkel

Bartnes: – Det vil skape uro