Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Har vi gjort nok for å hindre ein ny storflaum?

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) gjekk nyleg ut med eit generelt varsel om storflaum til våren. Dersom det blir ein varm vår og det kjem nedbør i tillegg, kan vi få ein flaum på nivå med flaumen i 1995, meiner NVE.

Flaumen som ramma Austlandet i juni 1995, fekk namnet Vesleofsen. Då kom det mykje nedbør og varme på same tid, kombinert med stor snøsmelting, førte det til storflaum i dei store vassdraga i Sør-Norge. Vesleofsen var den største flaumen sidan Storofsen i 1789.

I 1995 omkom det ein person, 7 000 personar blei evakuerte, og det blei gjort skadar til ei verdi av 1,8 milliardar kroner. Til saman blei det meldt om skadar på 1 833 gardsbruk. I løpet av dei seinare åra har vi opplevd fleire øydeleggjande flaumar, men ikkje på nivå med 95-flaumen.

NVE oppfordrar no kommunane til å gjere førebyggjande tiltak for å vere best mogleg førebudde for ein storflaum. Blant anna må ein sikre at kummar og renner er opne. Det er sjølvsagt vanskeleg å stoppe ein storflaum og andre naturkriser skapt på grunn av vêret – men ein må gjere det som er mogleg for å hindre skadar på menneske, bygningar, gardsbruk og vegar.

Annonse

Etter flaumen i 1995 blei det starta opp fleire tiltak som skulle bidra til å redusere skadeomfanget. Blant anna blei det utarbeida ein offentleg utgreiing; «NOU 1996: Tiltak mot flom». Kommunar kan også søkje NVE om økonomisk støtte til kartlegging av kritiske punkt som kan føre til at bekkar og bratte vassdrag fløymer over.

Ei av utfordringane i dag er at kommunane ikkje har god nok oversikt over utsette enkeltpunkt i sine vassdrag. Ved å kartleggje desse kritiske punkta, får kommunane eit grunnlag for vurdere førebyggjande tiltak, meiner NVE. Kritiske punkt kan vere tekniske inngrep, til dømes bruer og lukka bekker, eller naturgitte forhold som innsnevring av bekke- og elveløp.

Men er dette nok? Har vi sete i gang nok tiltak sidan storflaumen ramma i 1995? Det er nok tvilsamt, og fasiten på det kan vi få i vår. Det er god grunn til å følgje nøye med på korleis vêrforholda utviklar seg framover.

Neste artikkel

– Svært unyansert om avlingsskadeordningen