Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Grotesk sløsing

Matkasting har stått på agendaen dei siste vekene. Ein serie i NRK viser at grønsaker og frukt blir kasta i store mengder, og at Nortura hadde 20 000 sauer på fryselager som ingen ville ha. Det ser ikkje bra ut, og i bakgrunnen suser klimakrisa.

Vi har eit gjennomregulert landbruk i Norge, med eigne marknadsregulatorar innanfor fleire produksjonar. Korleis kan vi då ende opp med store lager og kasting av mat? Er det eit politisk ansvar? Gjer Nortura nok med omsyn til alt sauekjøtet på lager? Kva med kjedene og deira krav til leverandørleddet? Kva med prisdumping og svenskehandel? Kva er det med oss forbrukarar?

For å ta det siste fyrst – prisdumping, for eksempel på ribbe, pinnekjøt og kålrot før jul, må kjedene kutte ut. Det skaper eit forvridd bilde av kva maten faktisk kostar, og det er eit hån mot bonden. Mange kjøper inn altfor mykje mat, og ein del av dette ender i søpla.

Annonse

Kva med all sauen som ligg på lager? Her bør både politikarar og kjedene bidra. Til NRK sa representantar frå dei største kjedene at dei skulle satse meir på sauekjøt. Vidare har landbruks- og matminister Olaug Bollestad invitert dei største kjedene til møte om det store lageret. Meir av kjøtet vil nok komme ut i butikkane, og fleire vil spørje etter sauekjøt, men kor lenge?

For sjølv om sauekjøtet er i butikken, så er ofte effekten av eit slikt oppslag kortvarig. Vi synest det er både grotesk og forferdeleg akkurat då. Det gjorde vi òg med alle hønene som vart destruerte, etter eit tidlegare NRK-program. Hønene kom i butikk ein kort periode, men no er dei vekke – kvifor? Fordi det er veldig få som spør etter høne, og det er dårleg butikk for kjedene å ha dei liggande.

Det handlar mykje om haldningar, om kva vi vil ete og kva som er enkelt å lage til. Vi kan ikkje true folk til å ete sauekjøt eller til å slutte å kaste mat. Men vi kan få tydelegare fram kor mykje arbeid som ligg bak maten, og kva bøndene betyr for landet vårt. Og så må vi dra matkasting sterkare inn i klimadebatten. Her kan politikarane hjelpe næringa.

Neste artikkel

Hundar er ikkje alltid snille