Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Godt nytt for praktisk landbruksutdanning

Hedmark fylkeskommune vil bruke tre millionar kroner på å finansiere ein professorstilling på Blæstad, og Hamar kommune vil bruke 30 millionar kroner til eit fond.

Det kom fram på Blæstaddagen sist veke. Personen som blir tilsett skal ha ansvar for å utvikle forskings- og utviklingsprosjekt på Blæstad, i samarbeid med næringslivet.

Dette er godt nytt for Blæstad, for Hedmark og for landbruksutdanninga. Blæstad tilbyr bachelorstudium i agronomi og landbruksteknikk, i tillegg til ei mastergrad i berekraftig landbruk. Blæstad har, i motsetnad til NMBU på Ås, halde fast ved den praktiske delen av studiet.

I tillegg er det kort veg mellom studiestad og viktige kompetansemiljø. Landbrukssenteret Blæstad blei etablert i 2009, og senteret huser mange landbruksrelaterte verksemder. Her finns det eit aktivt jordbruksmiljø kor studentane kan bli inspirert og engasjert – viktige stikkord for god rekruttering til næringa.

Annonse

Mange ungdommar står klare til å bli bønder og ta over garden. Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at naturbruk har den aller største søkerveksten blant programfaga i år. Mange skular har dei siste åra jobba målretta for å få fleire elevar, og ein del skular har tilsett eigne personar med ansvar for rekruttering.

Som bonde må du vere både økonom, ha teknisk innsikt og kunne handtere ein masse praktiske gjeremål. Skal naturbruk gje ungdommane eit godt fundament, trengst det gode lærarar. I den samanheng har Blæstad spelt ei viktig rolle.

Den tidlegare høgskulen har ein lang historie som arena for landbruksutdanning, og har vore rekna som ei svært nyttig utdanning, med stor vekt på praksis, innanfor landbruket.

Neste artikkel

Frykter for naturbrukstilbudet