Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Gode grunnar til å komme med høge krav

Bøndene krev 11,5 milliardar kroner til kostnadskompensasjon i 2022 og inntektsvekst i 2023. Kravet frå organisasjonane i jordbruket er historisk høgt, men ikkje urimeleg. Det er ei alvorleg krise i næringa, og mange er i ferd med å gi opp ei framtid som matprodusent.

Reaksjonane på kravet er så godt som unisone i næringa, og på Stortinget ser ein på kravet med ro og forståing. I media er det nesten berre Trygve Hegnar og Gunnar Stavrum som er negative.

Kostnadsveksten er kolossal, og krigen i Ukraina har gjort at veksten er heilt ute av kontroll. Dette, i tillegg til dårleg lønsemd over tid, gjer at mange bønder no er i ferd med å gi opp.

I kravet ber jordbruket om ei samla kostnadskompensasjon for den ekstraordinære kostnadsauken i 2021 og ut 2022, rekna ut til totalt 2,4 milliardar kroner. Det er viktig at denne utbetalinga skjer så raskt som mogleg, noko også regjeringa har lova.

Som ein del av utbetalinga foreslår jordbruket ei eiga ordning for å kompensere for dei høge gjødselkostnadene. Det er viktig for å sikre årets matproduksjon og gi større tru på framtida.

Tal frå Budsjettnemnda viser eit kraftig fall i inntektene for 2022. Det viser behovet for eit solid løft. Jordbruket krev ei inntektsvekst på 125 300 kroner per årsverk i 2023. Av dette går 100 000 kroner til å tette gapet mellom bondens inntekt og andre grupper.

Det er på tide. Krigen har vist oss kor viktig det er med eigen matproduksjon. Det såg vi sist for fire år sidan, då det var tørkekrise i deler av landet og i store deler av Europa. Tørke og flaum vil komme hyppigare framover, og med krig i tillegg er det tid for å prioritere eigen matproduksjon.

No må regjeringa følgje opp Hurdalserklæringa og komme organisasjonane i møte.

Neste artikkel

Arbeidsgruppe struktur og tak på tilskudd