Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Frykta møll øydelegg for epledyrkarane

Det har vore uår i mange fruktbygder i 2020. Kulde i bløminga øydela mykje for plommene, og kulda gjorde det også tøft i mange eplehagar. I tillegg var det store angrep av rognebærmøll i mange regionar.

Rognebærmøll har sidan slutten av 1890-åra vore det mest alvorlege skadeinsektet på eple i Norden. Sprøytemiddel har vore mykje brukt i kampen mot insektet, og det einaste som har verka. Men sprøytemidla er heile tida til vurdering, med omsyn til giftverknad for miljø og brukarar.

Det har vore forska mykje på rognebærmøll. Forskinga har avdekka stadig fleire sider ved møllen og rogna sin biologi, og dette har vore til stor hjelp. I dag har vi ein prognosemodell som fortel om det blir angrep av møll i eple eller ikkje. Det vert publisert prognosar om angrepsfaren kvart år. Det kan vere lokale variasjonar i kor hardt angrepet blir. Derfor er det viktig med lokal kunnskap om kor utsette dei enkelte eplefelta er for møllen.

Annonse

I år har det vore to «toppar» med angrep av rognebærmøll, opplyser Gartnerhallen. Det gjer at fruktbøndene får store problem, fordi det ikkje er lov å bruke kjemiske plantevernmiddel for nær hausting. Ofte er det avgrensingar på kor mange gonger eit middel kan brukast i sesongen.

I tillegg manglar det kjemiske middel, og epleprodusentane har ikkje alternativ frå 2021, seier forskar Gunhild Jaastad i Nibio. I år var det anbefalt å bruke ein kombinasjon av coragen og calypso, men frå 2021 er det ikkje lov å bruke calypso. Det skaper stor bekymring i fruktnæringa, som etterlyser nye middel mot rognebærmøll.

Båder næringa og forskarar etterlyser meir forsking på rognebærmøll. Det er blant anna for lite kunnskap om korleis rognebærmøllen overlever og utviklar seg i eple. Det er forskarane sin jobb å be om meir pengar, men denne bør vere enkel å støtte. Ny kunnskap kan vise veg til nye metodar for bekjemping og meir presis bruk av kjemiske plantevernmiddel, slik at mengda kan reduserast.

Neste artikkel

Frykter innreisestriden vil vare til over sommeren