Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Frå rekord til bråstopp

Bondens marked har stoppa heilt opp, alt av marknader er sjølvsagt avlyst på ubestemt tid. På grunn av koronakrisa har mange produsentar mista alt av inntekter, og no går også påskesalet fløyten. Det er ei viktig tid for mange produsentar. Folk har ferie og mange reiser på hytta, ikkje i år altså, og fleire kjøper inn ekstra godbitar til påske.

Randi Ledaal Gjertsen, dagleg leiar i Bondens marked, fortel til Bondebladet at medlemmene går frå rekord i 2019 til krise i 2020. Mange har store lager til påske. Ein del av varene kan lagrast lenge, men mange produkt er ferske. Det betyr at gode varer kan gå tapt for mange produsentar.

Nokre produsentar er på banen med heimkøyring til lokale kundar, og ein del har også fått avtale om å levere til butikkar. Ole Martin Kildahl har saman med 17 andre produsentar fått opp ei ordning med felles utkøyring av mat innan ein avstand på 100 km. Kundane kan bestille varene på telefon, og varer frå alle produsentar blir sampakka på ein plass. Varene blir levert fraktfritt på døra, foreløpig ut april.

Dette er eit godt eksempel på at det er mogleg, sjølv etter strenge reglar, å få til ei ordning. Bondens marked har blitt ei suksesshistorie mange stader. Håpet er at mange produsentar får seld ein del av varene sine framover.

Annonse

Regjeringa har fått på plass fleire tiltak for å løyse utfordringar med mangel på arbeidskraft i landbruket. Nyleg kom det ei ordning med redusert føring av timar på meldekortet for dagpengemottakarar som arbeider i jordbruk, skogbruk og gartneri. I praksis betyr dette at dei som tar seg jobb i landbruket, skal tene på det.

På ei ny nettside, bordtiljord.no, kan bonden no leggje inn kva arbeidsoppgåver han treng hjelp til, kor mange personar han treng, og i kva tidsperiode han treng arbeidskrafta. Arbeidstakarane kan legge inn kva dei jobbar med, kva slags erfaring dei har, og kva motivasjon dei har for å jobbe i landbruket.

Det er gratis å registrere seg. Nettsida er sete opp på dugnad for å hjelpe. Dette er eit bra tiltak, og får ein dette til å fungere, kan det vere til stor hjelp for mange bønder.

Det er tunge tider vi står i, og no kjem påska. Ho blir heilt annleis enn mange hadde planar om. Det må vi tole, og samstundes må gjere alt vi kan for å bremse korona­smitten.

Neste artikkel

Vil ikke framskynde pels-avviklingen