Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fortvila situasjon

Saka om Torill Sværd og Bjørn Tore Lindset på side 6–7 er trist lesing. Ekteparet trudde dei hadde levert søknad om produksjonstilskot for 2019 innan fristen, men opna ikkje e-posten med kvittering frå Landbruksdirektoratet. Her var det berre svar om tilskot til Regionale miljøtilskot (RMP). Det kan koste mjølkebøndene i Steinkjer 429 000 kroner i tilskot.

Direktoratet sin logg viser at søknaden om tilskot er riktig fylt ut, men søknaden har altså ikkje kome fram. Fylkesmannen i Trøndelag har avvist søknad om dispensasjon på særleg grunnlag, og no ligg denne hos Landbruksdirektoratet.

Steinkjerparet er ikkje åleine i denne situasjonen, direktoratet har fleire søknader som gjeld dispensasjon på sitt bord. Det er ein fortvila situasjon ekteparet står i. Dei byggjer om til lausdrift på garden, og det kostar dei mykje pengar og eigeninnsats.

Korleis kan dette gå an? Er kontrollrutinane i systemet for dårlege, eller er søkarane for dårlege på datakunnskapar, regelverk og søknadsfristar? Det verkar meir som ein kombinasjon av desse tinga.

Annonse

I 2018 skreiv Bondebladet om Anders Tveite på Voss. Tveite var nokre minutt for seint ute med søknaden for produksjons- og avløysertilskot. Han mista fyrst heilt tilskotet, men så snudde Landbruks- og matdepartementet, og Tveite og fleire andre bønder fekk søke på nytt.

Departementet gjorde i tillegg endringar i regelverket med verknad for søknadsåret 2019. Leverer du ikkje søknad om produksjonstilskot innan fristen, følgjer dagbøter på 1 000 kroner per dag i 14 dagar. Etter det er det ein ny frist, og held du ikkje denne, får du ikkje søkt om tilskot.

Det er sjølvsagt bondens sitt ansvar å søke, men dette er eit stort system. Fleire har glippa her. Frå og med i år vil det bli sendt ut melding til alle som ikkje har søkt innan fristen, og det er eit stort pluss. Når forvaltninga seier det ikkje er noko problem å behandle søknadane til dei som var for seine, burde straffa vore mildare.

Neste artikkel

Pelsdyrbønder kan få høyere erstatning