Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Forslag verdt å lytte til

I fjorårets jordbruksoppgjer fekk bruk med 40 eller fleire ammekyr 8 000 kroner meir per føretak. Satsen per ammeku for dei som har under 40 kyr, auka til samanlikning med 200 kroner.

No foreslår bondelaga i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal å løfte tilskudda til dei mindre bruka. Ein reknar med at forslaget vil få støtte frå 6–7 andre fylkeslag.

Fylkeslaga foreslår blant anna at tilskotet i arealsone 5–7 blir auka til 5 000 kroner per dyr, opp til 25 dyr. Vidare foreslår dei å heve tilskuddstaket i heile landet frå 122 000 til 125 000 kroner. Det vil gi ein betydeleg auke for mindre ammekubesetningar.

I tillegg foreslår dei ein ekstra pott med investeringsmidlar til ammeku i arealsonene 5–7, tilsvarande 40 millionar kroner.

Forslaget er positivt nytt for distrikta. Ein del bønder har starta med ammekyr, eller har planar om det. Men mange har fjøs kor det tidlegare har vore mjølkekyr. Ammekuproduksjon er krevjande å byggje opp, og det tar tid å få inntening.

Annonse

Ein må motivere fleire mjølkeprodusentar som planlegg å avvikle, til å satse vidare på ammekyr. Dersom ein lukkast med dette, kan ein unngå at enno meir areal går ut av bruk.

Forslaget er eit innspel til kommande jordbruksoppgjer. Går det gjennom, vil det bli mykje lettare å investere i ombygging eller i nybygg tilpassa ammekuproduksjon.

På storfe viser den siste prognosen til Nortura eit underskot i 2017 på ca. 11 300 tonn, etter at kvotane er tatt inn. Det er 1 100 tonn lågare enn i førre prognose, men underskotet er framleis stort.

Vi utnyttar berre rundt 25 prosent av grovfôrproduksjonen i utmarksbeite. Skal vi nå målet om auke av matproduksjonen på eigne ressursar, må meir utmarksbeite takast i bruk.

Neste artikkel

Nær balanse for storfe