Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Flyreiser under teppet

Det går mot ferietid, og ferie betyr for mange av oss å dra med fly, ofte langt. Nordmenn har god råd, og avisene er fulle av reisemål vi må dra til. Media har ei sterk stemme med tanke på å forme folk si oppfatning av klimaendringar og ansvaret for konsekvensane. Men det er gjerne dei same som fortel oss kor vi bør dra på neste ferietur, som fortel oss at vi kan redde kloden ved å ete mindre raudt kjøt.

«Ein ferietur til Thailand gir eitt utslepp på heile fire tonn CO2, altså nesten 40 prosent av det årlege utsleppet frå ein person. Så sjølv om vi hadde sju kjøtfrie dagar i veka heile året, ville vi ikkje komme halvnære den utsleppsreduksjonen avlysinga av Thailand-ferien ville gitt. Slik kan vi ikkje halde fram når FN har fastslått at vi maksimalt kan sleppe ut 1,2 tonn CO2 pr. person i året for å nå 2-gradersmålet», sa leiar i Hedmark Bondelag, Erling Aas-Eng, under årsmøtet i fylkeslaget.

Aas-Eng poengterer noko som mange av oss helst ikkje vil innsjå. Vi sorterer plast, flasker og papir som aldri før, og mange har kutta ned på kjøtforbruket. Det er vel og bra, men vi kan ikkje oppføra oss som struts når det gjeld ferie- og fritidsreiser, eller seminar og kongressar. Det blir ei flukt frå dei harde fakta om klimautsleppa våre. Mange har ein tendens til å tru at klimatrusselen ikkje angår dei, og at det uansett vil komme teknologiske løysingar på problemet.

Annonse

Cicero skriv i ein rapport at skilnaden mellom fattige og rike er aller størst for flyreiser. Dette fører til at dei 20 prosentane med høgast inntekt i Norge, har eit klimaavtrykk som er 240 prosent høgare enn dei 20 prosentane med lågast inntekt.

Biologiske utslepp som metan og lystgass frå landbruket er vanskelegare å handtere enn utslepp frå fossil energi, men det må ikkje bli ei sovepute at mindre kjøt på menyen automatisk gir klimagevinst. Fe som beiter i utmark bidrar til å halde landskapet ope, og gir gunstig klimaeffekt ved at opne landskap reflekterer meir sollys enn skog. Omsyn til klimautslepp og berekraft må vegast opp mot kvarandre, og vi bør starte med å kutte der effekten er størst.

Neste artikkel

Tre er framtida