Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Flaum- og skredsikring må prioriterast høgare

Denne leiaren gjekk i trykken før det tragiske kvikkleireskredet i Gjerdrum.

I førre nr. av Bondebladet kunne vi lese om Rissaraset i tidlegare Rissa kommune i Trøndelag i 1978. Audhild Brødreskift har skrive bok om skredet, som omfatta 330 dekar og 5–6 millionar m³ leire, og den store dugnadsinnsatsen etter den tragiske hendinga.

Det gjekk med sju gardar og fem einebustader i skredet, og éin person omkom. Det store omfanget skuldast at grunnen bestod av kvikkleire. Skredet var det største som ramma Norge på 1900-talet. I juni 2020 gjekk det eit stort jordras ved Kråkeneset i Alta, og fleire bygningar forsvann i sjøen.

NVE har det overordna ansvaret for statlege forvaltingsoppgåver knytt til førebygging av flaumskadar og skredulykker. Dette inneber å yte hjelp til kommunar og samfunnet med kompetanse og resursar til kartlegging, arealplanlegging, sikring, overvaking, varsling og beredskap. NVE sitt ansvar endrar ikkje på kommunar sitt ansvar for å ta omsyn til tryggleik mot skred, eller tiltakshavar sitt ansvar for sikker utbygging.

Annonse

Nord-Aurdal kommune får no betre og meir presise kart som viser skredfaren. Det er jordskred, flaumskred og steinsprang som utgjer størst fare for den mest utsette bebyggelsen. Kartlegginga gir ny og oppdatert kunnskap, og kommunen har fått eit godt grunnlag for arealforvaltning og byggesakshandtering.

I statsbudsjettet for 2021 er det lagt inn 200 millionar til NVEs flaum- og skredfaresikring. Det er eit kutt på 20 millionar frå året før. Å kutte på denne posten, er skivebom. Vi veit sikkert at det blir meir flaum og skred med klimaendringane, og det er store behov for førebygging, blant anna betre kart. Ein oversikt NVE utarbeida i 2018, viser eit behov på 3,9 milliardar kroner i flaum- og skredsikringstiltak.

Forsikringsselskap i Norge har dei ti åra betalt ut om lag 30 milliardar kroner i erstatning for skadar på bygning og innbo, og dessutan skogskadar. Dei største naturskadane er storm, stormflo, skred og flaum. Det kan bli enno verre i åra som kjem.

Neste artikkel

FN: Miljøproblemene vil undergrave menneskerettene