Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ferien i rammer

«En sommer er over, men minnene om den består», song Kirsti Sparboe på 70-talet. Songen kom gjerne i NRK-programmet «Nitimen» frå midten av august, og markerte ein heller trist overgang til haust, skule og plikter. Eventyret var over for denne gang.

Årets sommar er ramma inn av korona og smittevern, men ikkje berre det, også rammene til Norges Bondelag har prega landet vårt. Organisasjonen har plassert ut over 250 rammer i heile landet, for å vise korleis landskapet blir forma av jordbruket. Gjennom rammene kan ein sjå alt frå kornåkrar og slåttemark til beitande kyr, sauer og frukthagar.

Besøkande til desse rammene er oppfordra til å nyte utsikta, knipse eit bilde og dele på Instagram med #komhit og #norgetrengerbonden.

Norge har eit heilt unikt kulturlandskap. Vi har store, intakte, samanhengande og stelte landskapstypar. Landskapet er ikkje forma slik av seg sjølv, men som resultat av eit aktivt landbruk og busetjing gjennom generasjonar. Beitemarker, slåttemarker, skogshagar og andre naturtypar har blitt danna gjennom husdyrhald – anten ved beiting eller slått.

Annonse

Har vi lært noko meir etter årets sommar – om smittespreiing, feriereiser og handleturar til Sverige? Kor mykje landet vårt har å by på? Kva som må til for å skape og halde ved like landskapet vårt, og kor mykje tid det tar – samspelet mellom bønder og beitedyr? Kor mykje vêret betyr for bonden i innhaustinga?

For å ta vare på kulturlandskapet vårt, er vi heilt avhengige av aktive bønder, små og store. Varselklokkene om attgroing har ringt ei god stund. Vi kan sjølve sjå dei endringane som skjer mange stader.

#norgetrengerbonden, oppfordrar Bondelaget – ja, vi gjer det. Derfor håpar vi mange tar med seg opplevinga av det norske kulturlandskapet, og auka kunnskap om det, etter årets ferie.

Neste artikkel

Urbant landbruk øker i Norge og verden